Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Nyhetsbilde UKM

Nyhetsbilde UKM

Elevar frå Hafstad vgs involvert under UKM

I helga, 2. og 3. april blei UKM (Ung Kultur Møtes) arrangert i Førde. Elevar både frå medium og kommunikasjon og frå formgjevingsfag var involverte.

Tekst: Mona Fossdal

Samarbeid mellom Kulturavdelinga og Hafstad vgs. Hausten 2015 tok Eva Kristin Svidal, rådgjevar i Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane kontakt med Hafstad vgs. Ho foreslo eit samarbeid mellom Kulturavdelinga og med SF (formgjevingsfag) og MK (Medium og kommunikasjon) rundt arrangementet UKM - Ung Kultur Møtes. Også førre skuleår var elevane på SF og MK involvert i arrangementet, noko som gav elevane god erfaring og lærdom. Det blei skriven ein samarbeidsavtale mellom Kulturavdelinga og Hafstad vgs for dette skuleåret, der det blei presisert kva arbeidsoppgåver elevane på SF og på MK ville ha knytt til arrangementet.

Mål med samarbeidet: Involvere fleire ungdommar mellom 13 og 20 år i arrangementet. Gje elevar ved MK-linja fagleg erfaring frå arbeid med foto under eit større arrangement. Gje elevar i formgjevingsfag erfaring med å montere ei større utstilling.

UKM foto 5.jpg

Over til venstre: Førde - Lasse Ramber. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes (1mka). Over til høgre: Stryn - Stella Birthe Poland. Foto: Malin Rundereim Haukaas (1mka)

Klasse 1mka på medium og kommunikasjon laga utkast til pressemeldingar som skulle nyttast i forkant av arrangementet (med hjelp frå faglærar Anne Brit Sande). Under sjølve arrangementet i helga, gjorde elevane ein kjempejobb med å fotografere alle sceneinnslaga, ta portrettfoto av utstillarar, filmdeltakarar og konferansierar, ta gruppefoto av utstillarar, og fotografere utstillingsarbeid. Involverte medielærarar som hjalp 1mka med dette arbeidet var Geir Skagen og Ole Johnny Devik.

UKM foto 7.jpg

Over til venstre: Årdal - Frida Hjelle Lidal. Foto: Martha Linnea Pukallus (1mka). Over til høgre: Bremanger - We Believe - Foto Hans-Kristian Holthe (1mka)

Klasse 3sfa på studiespesialisering med formgjevingsfag gjorde arbeidet med å henge opp/montere kunstutstillinga under UKM. Dette arbeidet blei utført med god vegleiing frå faglærar Wenche Steinsvik. Her kan vi sjå nokre bilete frå den flotte utstillinga:

UKM utstilling 02.jpg

Foto: Wenche Steinsvik

Her er også ei lenkje til eit av dei spennande konsertinnslaga til UKM, lagt ut av NRK den 3.04.2016. I dette opptaket kan vi også dra kjensel på elevar frå Hafstad vgs som deltek i Jimmie And The Stevie Boys, med "Still Got The Blues".

Tips ein ven Skriv ut