Sogndal vidaregåande skule
NM_salsfaget_ingress

Elevar frå Sogndal vgs med NM-sølv i salsfaget

Amalie Grindedal og Martine Linde Hauglund frå 2SSA ved Sogndal vgs sikra flott sølvmedalje i yrkesfag-NM

Galleri

NM_Salsfaget_oppgåve_sal
NM_Salsfaget_Amalie_Martine
NM_salsfaget_utdeling
NM_Salsfaget_utstilling

NM for Yrkesfag vart arrangert for andre gong i 2018, det vart konkurrert i 27 ulike fag. Konkurransen i salsfaget var lagt til Hamar 11. og 12. april.

Skulekonkurransar skal vere med å motivere elevane gjennom meistring ved  å gi praktiske og realistiske oppgåver. Alle oppgåvene er laga med utgangspunkt i læreplan for Vg2 Sal, service og tryggleik, med hovudvekt på salsfaget.

Oppgåva skal gi deltakarane moglegheit til å vise sin kompetanse innan kundebehandling og salsprosessar, kunnskap om korleis tilpasse varer og tenester til forbrukarmarknaden og kompetanse innan praktisk salsprosess og salsfremjande tiltak gjennom bruk av både praktiske, teoretiske og digitale reiskap.

Oppgåva gjekk ut på å lage ein salskampanje basert på hovudprodukt og tilleggsprodukt innan tildelt bransje.

Amalie og Martine vann konkurransen i Sogn og Fjordane i lag med Julie Vindedal og Sara Olsen Nygård. Då det berre er to deltakar per lag i NM, måtte vi trekke lodd om kven av vinnarlaget frå fylkeskonkurransen som fekk reise. Amalie og Martine vart dei heldige, seier ein stolt faglærar Britt Hovland Selseng.

Konkurransen føregikk slik:

 3 timar til førebuing av presentasjon:

  • Bygge salstorg på tildelt plass
  • Utarbeide og printe eigna salsfremjande materiale ved hjelp av banner laga digitalt og elles eigna plakatar
  • Laga presentasjon og selje sine varer
  • Utarbeide ein salspresentasjon for juryen

 30 minutt til presentasjon:

  • Gjennomføre ein salssituasjon på salstorget
  • Presentere salstorget for juryen
  • Legge fram salspresentasjon for dommarane

Rektor Ole Jørgen Øygarden er særs stolt av flotte elevar og dyktige faglærarar på Service- og samferdsel - og lovar flott markering i klasserommet når elevane har "landa". 

Me gratulerer!

 

Tips ein ven Skriv ut