Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevmedverknad

Elevmedverknad

Elevane er representerte i fleire utval som skal jobbe med skulepolitikk, skulemiljø og folkehelse.

  • Elevrådet
  • Elevrådsstyret
  • Skulemiljøutvalet
  • Skuleutvalet
  • LAMU (Lokalt arbeidsmiljøutval)

Kva vil det seie å vere tillitsvald?

  • Vere talerøyr for dei andre elevane i klassen/på skulen overfor kontaktlærar, faglærar og skuleleiinga
  • Ta opp problem i klassen, som for eksempel brot på reglement, orden m.m.
  • Foreslå tiltak som kan betre det sosiale miljøet i klassen – og dermed gi grunnlag for auka trivsel og betre læringsresultat.
  • Ha ansvar for møta i klassens time, eventuelt saman med kontaktlærar.
  • Ta opp konfliktar i klassen og forsøke å løyse dei, eventuelt ved hjelp av kontaktlærar. Det kan vere konfliktar mellom elevane i klassen, elevar–lærarar, elev– lærar, eventuelt mellom andre.

Alle tillitselevar sit i elevrådet og har møteplikt på elevrådsmøta.

Kva eigenskapar bør ein tillitsvald ha

  • Vere lydhøyr: Ta medelevar på alvor, og hjelpe dei med å ta opp saker i elevrådet.
  • Ha dei andre elevar sin tillit.
  • Fylgje opp skulens husreglar og klassens køyrereglar.
  • Vere sosial og bry seg om korleis ein har det på skulen.
  • Ha orden på seg sjølv og sitt skulearbeid.
  • Ha lite fråvær.
  • Ikkje vere redd for å stå på krava/fronte saker og seie kva ein meiner.
  • Følgje spelereglane for god møtekultur/møtestruktur.
  • Kunne vere ein støttespelar for både elevar, lærar og leiing, spesielt ved å formidla informasjon og beskjeder frå og til klassen, elevråd, lærar og leiing.
  • Ha engasjement og pågangsmot.
  • Ha eit reelt ønskje om å vere tillitsvald.

Kvifor bør du bli tillitsvald?

Du får eigenskapar og ferdigheiter som kjem godt med i ein kvar jobb- eller arbeidssituasjon seinare i livet. Gode råd og hjelp for deg som tillitsvald finn du i Sjekkliste for klassens time PDF document ODT document .

Tips ein ven Skriv ut