Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Organisasjon/Elevråd
Ingressbilete Hafstad vgs svart kvitt m tekst F

Elevråd

Eit aktivt elevråd er eit gode for ein kvar skule, men det føreset at elevrådet er rett samansett. Difor er det viktig at dei elevane som er med i elevrådet er aktive, engasjerte og motiverte. Eit slik utgangspunkt gjev større høve for elevane til å forme skulekvardagen, og dermed auke både trivsel og læring.

Opplæringslova seier noko om formålet med elevrådsarbeid:

§ 11-6 Elevråd

Ved kvar vidaregåande skule skal det vere eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.

Elevrådet er ikkje i lova gjeve avgjerdskompetanse i skulesamfunnet, men kan uttale seg om alle saker som gjeld skulen. Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljø, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.

 

Elevrådet ved Hafstad vgs 2016-17:

Leiar: Martha Linnea Pukallus

Nestleiar: Marte Søgnen Holen

Sekretær: Ådne Sellevoll

Tips ein ven Skriv ut