Sogndal vidaregåande skule
Ingress_IngerJohanne

Elevrådsleiar Inger-Johanne utviklingsministar for ein dag!

I samband med FN sin internasjonale jentedag, var Inger-Johanne Kaardal plukka ut til å «ta over» utviklingsminister Nikolai Astrup sin statsrådjobb for ein dag.

Inger-Johanne Kaardal er 15 år, kjem frå Lærdal og går andre året studiespesialserande ved Sogndal vidaregåande skule.

Her er kva ho skriv om opplevinga:

*******************************

Klokka fem starta dagen med ein varm dusj. Då var det å gjere seg klar, pakke, og prøve å få i seg litt mat før eg blei henta opp av statsrådsbilen. Me køyrde til Nikolai Astrup sitt hus og henta han, før me tok turen til TV2 studioet. Då var det direkte inn å bli sminka mens videoreportaren intervjua meg samtidig som nyeheitsankaren gjekk gjennom spørsmåla. 20 min seinare var intervjuet på direktesendt tv gjennomført og eg følte at dagen var skikkeleg i gang.

Turen fortsatte i retning UD (utenriksdepartementet), der eg møtte blant anna utanriksministeren og den britiske ambassadør. Vidare gjekk møta i eitt fram til eg fekk ein 10-15 minuttars pause til å ete lunsj og skifte til eit meir formelt plagg, ettersom neste stopp på programmet var den høgtidelege opninga av stortinget. Og med ein vindaugsplass midt i stortingshallen, må eg sei eg hadde den perfekte utsikt då kongehuset kom køyrande ned frå slottet. I vandringshallen møtte eg tilfeldigvis skyttsengelen min, ordføraren i Lærdal, som tilbydde meg skyss heimatt. Etter eit kjapt radiointervju på NRK, fekk eg henta bagasjen og jakka mens eg avslutta videointervjuet, samstundes som eg halvsprang bort til UD der eg vart plukka opp av ordføraren i minibussen sin.

Dagen var ein minnerik dag. Å få bli valt ut som ein av rundt 100 søkjarar til å følgje utviklingsministeren på ein typisk atypisk dag, var rett og slett ei ære. Opplevingane eg fekk vere med på i går, har verkeleg auka motivasjonen min til å jobbe mot urettferda i verda, og til å bidra med den internasjonale bistanden. Eg har lært at enkeltmennesket, faktisk kan gjere ei forskjell. Og eg føler det er min plikt, sidan eg er så privilegert som eg er, å bruke dei moglegheitene eg har, til å jobbe for at me når bærekraftsmåla me so inderleg treng å nå.

*******************************

Sogndal vidaregåande skule er stolt av elevrådsleiaren vår - og at me viser igjen på ein slik arena som Stortinget. Godt jobba, Inger-Johanne!

 

PS! Du finn fleire bilder under 'Dokument' til høgre på sida.

Tips ein ven Skriv ut