Endra rutiner for varsling av fråver

Foto: Philippe Bout

Endra rutiner for varsling av fråver

Heretter vil all varsling av fagfråver ved 5 og 10% kun skje digitalt i Skolearena. Dette betyr at de som elevar ikkje vil få med varselbrev heim for underskrift slik som før. 

Tekst: Jorunn Margrethe Vigdal

Det er eleven si plikt å halde seg orientert i Skolearena. Føresette til elevar under 18 år søkjer om tilgang til Skolearena via skulen si heimeside. Om eleven samtykkjer, kan dei behalde tilgangen etter fylte 18 år.

I samband med fastsetjing av standpunktkarakter vert eventuelle varsel sendt elektronisk via fylkeskommunen sitt elektroniske saksarkiv (ESA). Dette gjeld:

- førehandsvarsel om overskriding av fråversgrensa (eleven får høve til å uttale seg før endeleg vedtak vert gjort).

- endeleg vedtak om ikkje å få standpunktvurdering grunna overskriding av fråversgrensa.

- vedtak om ikkje å få standpunktvurdering grunna manglande vurderingsgrunnlag.

Tips ein ven Skriv ut