www.sogndal.vgs.no

Laget som deltok i NM på «Energi for framtida» i Trondheim 2014

Entreprenørskap

Entreprenørskap er eit satsingsområde ved Sogndal vidaregåande skule. Dette ligg i skulen sin utviklingsplan, og ein ser det att i det daglege arbeidet. Særleg yrkesfaglege studieretningar har lange tradisjonar når det gjeld samarbeid med næringslivet, både gjennom utplassering og ved at vi har teke i mot jobboppdrag frå næringslivet.

Ungdomsbedrift

Ungdomsbedrift er Ungt entreprenørskaps bedriftsprogram i vidaregåande opplæring. Elevane skal i løpet av eit skuleår etablere, drive og avvikle ungdomsbedrifta med støtte frå lærar og ein mentor frå det lokale næringslivet.

Ungdomsbedrifta registrerast i Brønnøysundregisteret på same måte som andre bedrifter, men via UEs nettsider. Kvar ungdomsbedrift får tildelt organisasjonsnummer.

Programmet «Sjef i eige liv»

Programmet omhandlar  det å ta ansvar for sin personlege økonomi, sparing og lån for ungdom samt det å ta viktige val i høve sin personlege økonomi. Programmet vert gjennomført for alle Vg2-klassane på yrkesfag.

«Energi for framtida» grundercamp

«Energi for framtida» grundercamp går over ein skuledag for elevane   på Vg2 elektro (yrkesfag) og elevane på Teknologi og forskningslære på Vg2 Studiespesialerande.

Elevane blir delt inn i grupper på 5 elevar. Dei vel ei av to oppgåver som er gitt sentralt frå ENOVA som dei framfører på slutten av dagen. Det blir kåra ein vinnar på kvar skule som går vidare til ein fylkesfinale. Vinnaren går så vidare til ein landsfinale i Trondheim i slutten av februar etter nyttår.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Nedrelo
Atle Nedrelo
Arbeidslivskontakt
57 67 64 12 / 975 74 402
atle.nedrelo@sfj.no