www.sogndal.vgs.no

Erling Borgen er professor, forfattar, journalist og filmskapar og driv sitt eige TV-produksjonsselskap med kontor i Oslo og Bergen. Fredag 24. mars kjem han til Sogndal Kulturhus og held  foredrag  med tittelen; “Den viktige dokumentaren” på fagdagen til Sogndal Filmfestival, der han kjem til å fortelje om mellom anna korleis han jobbar med samfunnskritiske dokumentarfilmar. Borgen har produsert meir enn 90 dokumentarfilmar for NRK og i sitt eige produksjonsselskap.

Erling Borgen er professor, forfattar, journalist og filmskapar og driv sitt eige TV-produksjonsselskap med kontor i Oslo og Bergen. (Pressefoto)

Erling Borgen til Filmfestivalen

- Eg gledar meg enormt til å holde foredrag på Sogndal filmfestival. Å få kommunisere med unge menneske, som jo er neste generasjon sine filmskaparar er utruleg inspirerande og gjevande, sier Erling Borgen. Dokumentarfilmskaparen og journalisten kjem til Sogndal Filmfestival den 24. mars for å snakke om det han kaller ”den viktige dokumentarfilmen”.

Undersøkande journalistikk er viktigare enn nokon gong

- Eg meiner at dokumentarfilmar kan forandre verda, sier Borgen som også er professor i undersøkande journalistikk ved Høgskolen Innlandet på Lillehammer.

Borgen har tidlegare  vore korrespondent for NRK både i Latin-Amerika og i Asia, og har laga over 90 dokumentarfilmar. Han driv no sitt eige TV -produksjonsselskap med kontor i Oslo og Bergen. 

- I denne umoralen sin tidsalder, så full av krig, terror og politisk hat, er det viktigare enn nokon gong med undersøkande journalistikk og dokumentarisme bygd på etikk og sannheit, sier Erling Borgen.

På fagdagen til Sogndal Filmfestival fredag den 24.mars skal han syne utdrag frå fleire av filmane sine og fortelje korleis dei er planlagde, laga og produserte. Alle dokumentarane  til Borgen er synt på nasjonale TV-stasjonar, og fleire har vore vist i utlandet. Dokumentarane hans handlar hovudsakeleg om internasjonale spørsmål med fokus på menneskerettar.

Foredraget under Sogndal Filmfestival, i Sogndal kulturhus, har tittelen; “Den viktige dokumentaren” .

Lovar fleire foredragshaldarar

Borgen får selskap av skodespelar Susanne Boucher (19) frå innspelinga av «Frikjent» som i år også vil delta på fagdagen til Sogndal Filmfestival. 

– Og vi har enno  fleire kjende namn som vi skal presentere etterkvart, lovar festivalsjef Sunniva Breidvik.

I fjor vitja blant andre TV-aktuelle Leo Ajkic og filmregissør Erik Poppe festivalen, som vert arrangert av avgangsklassen i Medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule. - Me kan forsikre om at fagdagen blir både innhaldsrik og underhaldande for alle som kjem, særleg for dei som er litt ekstra interesserte i film, lovar marknadssjef Magnus Førde.

Tips ein ven Skriv ut