www.sogndal.vgs.no

Eshowe

Prosjekt Joyway i Eshowe

I 2009 vart det vedteke at Sogndal Vidaregåande skule skulle byte frå den tradisjonelle OD-innsamlinga til eit meir personleg bistandsprosjekt i Eshowe, i Sør-Afrika. Prosjektet blei starta opp med ein ide om å byggje opp både barnehage og skule til ungar i nærområdet som, lid under fattigdom og sjukdommar som HIV og AIDS. Oppstarten kom då representantar frå skulen reiste ned til Eshowe for å sjå på moglege prosjekt.

Før skulen vår starta med innsamling, bestod institusjonen av to klasserom i svært dårleg stand. Etter at det første bidraget kom i 2010 vart det bygd opp eit heilt nytt klasserom som kunne romme 30 elevar og var av høg standard, samanlikna med dei andre bygga. Det er innebygd vatn, toalett og ordentleg golv der. Seinare har me samla inn pengar som har gått til fleire klasserom, eit samfunnshus, som vert brukt til ulike arrangement, og som klasserom for dei minste, pluss vasstankar.

I 2014 gjekk den innsamla summen til å starte opp eit suppekjøkken ikkje langt unna Joyway. Takka vere suppekjøkkenet har skulen vår moglegheit til å gi over 150 barn i nærområdet eit varmt måltid i veka. Komiteen 2015-2016, Solveig Storegjerde Sætre, Amalie Fondenes Engesæter, Sunniva Malene Helvik Trettenes, Gabriel Yttri, er alle einige i at det er eit ekstremt viktig tiltak for barna, som elles ikkje får varm mat. Mange av barna som nyttar seg av suppekjøkkenet, har ikkje plass ved Joyway, og derfor betyr tiltaket mykje for kvardagen deira.

Ei dame i lokalmiljøet meldte seg til å både servere og lage maten, og tilbydde oss å byggje kjøkkenet i hagen hennar. Dette gjer at me unngår kriminalitet meir enn om me hadde bygd det på offentleg stad, og det vert lettare for henne å tilberede og servere maten. Eit effektivt kjøken er særs viktig når alle barna kjem i kø for serveringa. Til saman serverer ho, ilag med ei anna dame, om lag 150 barn mat ein gong i veka.

Dei vert servert to ulike typar suppe med litt brød, og av og til frukt. Bidraga frå oss finansierer varene og utstyret som trengs i kjøkkenet, i tillegg til vedlikehald av bygget. Serveringa er heilt gratis for borna. Alt i alt ser me på suppekjøkenet som ein stor suksess. Dette er noko alle på skulen kan vere stolte av å ha vore med på å byggje opp!

Når komiteen 15/16 var i Eshowe på besøk i vinterferien i 2015, såg dei at det framleis er store behov for støtte på Joyway. Det hadde blant anna vore ein lang periode med tørke, og behovet for fleire vasstankar var derfor stort. Komiteen vart fortalt at fleire småbarn, under skulealder, trengde ein plass å vere på dagtid då foreldre eller andre føresette var i arbeid. I tillegg til dette er pågangen på skulen så stor, at dei ikkje lenger hadde kapasitet til å ta i mot alle.

Derfor vart det bestemt at midlane, som allereie var på konto skulle gå til desse prosjekta: ein ny vasstank, eit nytt bygg, og ein skiljevegg i samfunnshuset som skal brukast som barnehage. I tillegg til dette fekk me beskjed om at nokre av elevane ikkje lenger har råd til å finansiere sin eigen skulegang, av ulike grunnar. Det er grunnen til at den innsamla summen i 2015 gjekk til ei fadderordning for barn som ikkje har råd til å betale skulegangen sin. Derfor vil me støtte dei hardast utsette familiane, slik at barna får fullføre skulegangen sin.

Dei nyleg innsamla pengane skal også gå til å fortsette drifta av suppekjøkkenet, eit prosjekt som me, som sagt, er utruleg stolte av!

Til slutt vil me understreke kor viktig det er at alle pengane me samlar inn, blir tekne godt vare på, og behandla av profesjonelle folk, slik at kvar einaste krone går til prosjektet og blir utnytta på best mogleg måte. Med andre ord, den innsamlingsjobben me gjer kvart år er utruleg viktig.  (Tekst: Eshowekomiteen 15/16)

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker