Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Stol - redesign

Eventyrstolen

Elevar på VG3 formgjevingsfag har i haust saman med faglærar Wenche Steinsvik arbeidd med redesign av ein 100 år gamal stol. Her kan du lese meir om dette spennande oppdraget, og sjå bilete både frå prosessen- og av den ferdige eventyrstolen.

Tekst og foto: Wenche Steinsvik

Oppdrag stol

Hausten 2015 fekk skulen førespurnad om elevane på Formgjeving kunne ta eit oppdrag som gjekk ut på og gjere ein gamal  stol meir fantasifull. Stolen var ca 100 år og var kjøpt gjennom ein brukthandel på Austlandet av ein student i Bergen. Då studietida var over, greidde ikkje studenten å kvitte seg med stolen, som etter kvart var blitt ganske sliten. Den fekk fylgje med på flyttelasset til Førde, der jobb venta. Det sat langt inne for oss lærarar å ta på seg dette oppdraget. Kompetanse i møbeltapetsering har vi ikkje, og arbeidet skulle utførast av ei halv klasse. Oppdraget måtte difor planleggast slik at heile gruppa fekk ta del i prosessen.

01 Før og etterbilete.jpg

Over: Stolen før og etter

Vi sa ja. Elevane teikna først idéskisser. Deretter vart det i fellesskap gitt råd om kva skisse den enkelte eleven burde plukke ut og arbeide vidare med. Tema som gitt var NATUR.

02 Idear og skisseprosess.jpg

Over: Teikningar og idear

Våren 2016 inviterte vi oppdragsgjevaren for presentasjon av utarbeida forslag. Ho valde ut idear frå tre elevar, som ho meinte vi kunne prøve å kombinere. Det var lønnebladformer i haustfargar, grå steinformer og eit stilisert hjortehovud

Ut på hausten 2016 kom vi i gang. VEIEN VERT TIL MEDAN DU GÅR er eit rett ordtak å bruke for prosessen vidare.

03 Prosess - farga ull.jpg

Over: Farga ull

Vi hadde vorte einige om at tova ull ville vere fint å bruke til tema NATUR. Vi kjøpte inn farga ull som kunne passe til haust. Kardene vart henta fram, og kardelag i flotte fargekombinasjonar dekte etter kvart borda, før dei vart tova til flak. Då flaka var ferdige vart det klypt ut bladformer som fekk nervar sydd på med symaskin. Sidan vart det tova flak i ein farge som kunne assosierast med hjorteskinn.

04 Prosess.jpg

Over: Karding og toving

06 Eventyrstolen fra ulike vinklar.jpg

Over: Stolen sett frå ulike vinklar

Å modellere eit hjortehovud blei for komplisert, så då det tilfeldig dukka opp eit hjortehorn, vart planane endra til slik ein ser det på det ferdige resultatet.

Prosessen vart organisert slik at elevane rullerte mellom dei ulike teknikkane. Ein elev hadde det kunstnariske ansvaret for å godkjenne nye idear og løysingar som undervegs dukka opp.

Både gamle og nye læreplanar har hatt fokus på miljø og klimaspørsmål. Gjenbruk og redesign har vorte populære omgrep både i skulen og i samfunnet elles. Å ha fokus på bruk- og kastproblematikken kjennest meiningsfullt for både lærar og elevar. Dessutan kan gjenbruk stimulere til nytenking og skaparkraft, slik vi opplevde det i arbeidet med stolen. 

05 Prosess.jpg

Elevar i arbeid med stolen

For å kunne arbeide med større prosjekt, er ein avhengig av å ha oppdrag. Oppdraga kan kome frå behov på skulen, eller som i dette tilfellet frå ein ekstern kunde. For elevane er det ein stor motivasjonsfaktor at nokon utanfor skulen viser dei tillit nok til å kunne stole på eigne skapande evner. Dei får litt honorar for arbeidet, og skulen slepp materialkostnader ein elles ikkje ville ha råd til. I tillegg til fagleg læring, er dette god trening både i samarbeid, og å kunne forholde seg til ein kunde.

Takk til Ida Vie som ga oss oppdraget. Stolen vart til slutt kalla EVENTYRSTOLEN. Den vart plassert på barnerommet der det nyleg kom inn ei lita jente.

Tips ein ven Skriv ut