www.sogndal.vgs.no

Økonomielevane på bedriftsbesøk

Økonomielevane på bedriftsbesøk

Fagdag i økonomi med besøk frå Sagastad

Begge økonomiklassane ved Eid vidaregåande studiespesialiserande har gjennomført fagdag. Dagen var delt mellom fagleg prøve og besøk frå ei lokal bedrift som vekkjer interesse. Denne gongen hadde vi invitert Solveig Midtbø, dagleg leiar i Sagastad til skulen for å gje elevane våre meir kjennskap til kva som faktisk kan skapast lokalt av vår eiga historie.

Galleri

IMG_0881
IMG_0883
IMG_0884
IMG_0872
IMG_0877
IMG_0871

Funna på Myklebust står sentralt i Sagastad sin visjon, og vi fekk fortalt at føremålet med bygging av Sagastad viten- og opplevingssenter skal verte ein sterk identitetsbyggjar for Nordfjord og Nordvestlandet. Solveig fortalde entusiastisk at gjennom underhaldning og oppleving skal Sagastad formidle kunnskap, skape forundring, ettertanke og setje spor.

Elevane fekk inngåande kjennskap til korleis prosjektet er finansiert, korleis tankegangen bak forretningsideen og kor kreative ein må vere for å skape og generere inntekter i slike prosjekt. I tillegg fekk elevane ny kunnskap i forhold til kor varierte og til tider utfordrande og variert ei slik stilling som dagleg leiar kan vere,  alt frå bygging av vikingskipet ned til den minste detalj, kalkulering av billettprisar og koordinering av anleggsarbeidarar. I tillegg må ein gjennomføre marknadsanalyser, ha kontroll på at kontraktar knytt til prosjektet er innanfor rammene av lovverket og kunne vere ein frontfigur og byggje Sagastad som ei merkevare.

Solveig fortalde at du kan vere med å bidra til å finansiere prosjektet ved å kjøpe andel i skjold, årar, naglar og skipskister på vikingskipet.  Fin julegåve å gje til dei som har alt dei treng, og samtidig er du med på å støtte det viktig kulturarbeidet med bygging av Myklebustskipet!

Sagastad er ei målbedrift i næringshagen, dette betyr at dei gjennom denne ordninga får hjelp av Ny Kunnskap, i tillegg er dei grasrotbedrift i Norsk Tipping. Dette gjev dei tilgang på auka kompetanse og økonomisk støtte.

Vi avslutta dagen med å besøke rubbhallen som er sett opp på tomta til Sagastad der vikingskipet skal byggjast, med byggjestart over jul. Det var artig å kunne sjå dimensjonane og kunne skape seg eit bilete av kor stort dette faktisk er. Elevane var litt skeptiske til at nokon ville klare å ro vikingskipet når det vert sjøsett, så vi fann ut at her er det berre å legge seg i hardtrening!

Tusen takk til Solveig Midtbø for eit inspirerande og fagleg nyttig besøk på Eid vidaregåande skule, vi gler oss til å kome på besøk når Sagastad står ferdig om to år.

 

Helsing

Kari-Lise og Renate

Tips ein ven Skriv ut