Bilete av kvinne på fjell med fjell og fjord i bakgrunnen

Foto: Mats Muri

Fagdag om resultata frå ungdataundersøkinga

Korleis kan vi bruke resultata frå fjorårets ungdataundersøking til beste for ungdomen i fylket? Vi inviterer til fagdag på Skei 20. mars.

Sogn og Fjordane fylkeskommune tok saman med Kompetansesenter Rus – region vest initiativet til ei ungdataundersøking i Sogn og Fjordane våren 2017. Resultata vart lagde fram i fjor sommar, og tida er no inne for å følgje opp desse meir. Målet med undersøkinga var å kartleggje livskvalitet og levekår for ungdom i fylket.

Fagdag for kommunane

Fagdagen på Skei 20. mars er for elevar ved og tilsette i komunane og dei vidaregåande skulane. Målet er å få i gang ein diskusjon og ei vurdering av resultata for dei ulike kommunane og skulane og å styrke dialogen på tvers av avdelinga- og forvaltningsnivå.

Saman kan vi få betre innsikt i korleis kunnskapen frå undersøkinga kan brukast for å betre arbeidet i både kommunar og på vidaregåande skular. Det kan vere til dømes i det praktiske arbeidet med

  • planarbeid
  • folkehelse
  • planlegging/igangsetting av førebyggjande tiltak
  • undervisning i skule eller anna

Store delar av dagen vil deltakarane vere samla regionvis, for at vi skal sjå utfordringar og løysingar også på tvers av kommunegrensene.

Meir informasjon om og påmelding til fagdagen her.

Fylkeskommunen arrangerer fagdagen saman med KoRus (Kompetansesenter-rus) og RVTS (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging).

For meir informasjon

Stine Mari Nytun Leirdal
57 63 80 42
stine.mari.nytun.leirdal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette