www.sogndal.vgs.no

Rektor Marta Sofie Vange og Mariel Hov Molland.

Rektor Marta Sofie Vange og Mariel Hov Molland.

Fekk iPad for 0 i fråvær

Mariel Hov Molland i 2 MK var ein av 29 elevar ved Sogndal vgs som ikkje hadde fråvær i skuleåret 2016/17. Alle med null i fråvær deltok i trekninga av ein iPad  – og Mariel vart den heldige vinnaren.

Tekst: Inge Kjell Holme / Foto: Jostein Heggestad

Det var rektor Marta Sofie Vange som overrekte datamaskina til ei glad og overraska Mariel. Rektor seier skulen over fleire år har hatt premiering av elevar med lågt fråvær for å ha fokus på å få fråværet ned.

Nasjonalt har truleg også dei nye fråværsgrensene ført til at færre elevar no er borte frå skulen.

Tips ein ven Skriv ut