Elevar frå vg3 på avslutningsfest på Hafstad vgs. Foto: Ole Johnny Devik

Elevar frå vg3 på avslutningsfest på Hafstad vgs. Foto: Ole Johnny Devik

Fest for avgangselevane

Den 7. juni blei det halde fest for avgangselevane ved Hafstad vgs.

Foto: Ole Johnny Devik

Tekst: Mona Fossdal

Det var dekt på festpynta langbord i kantina på skulen, og elevar og lærarar stilte i bunad og finklede.Tradisjonen tru, så blei det også denne gang planta eit tre til ære for avgangselevane. Rådgjevar Magne Aardal var konferansier, og losa programmet i gjennom på ein sikker og humoristisk måte.

Det blei servert ein torettars meny, som fall i smak hos alle dei frammøtte. Miljøkoordinator Ane Birkeland og eleven Kristine Birkelid framførte stemningsfulle songar, og dei tillitsvalde i avgangsklassane heldt takketalar til kontaktlærarane sine.

02 Avslutningsfest - Ole Johnny Devik.jpgFoto: Ole Johnny Devik, Hafstad vgs

Stemninga på festen var god, og kanskje også litt vemodig sidan vegen no ville skiljast for elevar som har knytt vennskapsband gjennom fleire år ved skulen.

Rektor Inger Karin Oppedal heldt ein fin tale til avgangselevane, der ho gav dei gode råd for vegen vidare. Elevar som skal studere på høgskular og universitet blei mellom anna oppmoda til å legge bort mobilen, for å oppnå betre konsentrasjon om studia. Rektor råda også elevane som var usikre på val av studium om å arbeide eit år, eller å ta seg eit friår frå skule – for å ta seg tid til å tenke i gjennom kva dei ønskjer å utdanne seg til. Elevane fekk også ros for den eksemplariske oppførselen, og for samfunnsengasjementet dei hadde vist under russetida.

Til sist blei elevane oppmoda om å halde kontakten med kvarandre, og gjerne møtast med jamne mellomrom framover.

01 Avslutningsfest - Ole Johnny Devik.jpgFoto: Ole Johnny Devik, Hafstad vgs

Tips ein ven Skriv ut