Elevar frå 2mka streamar arrangementet Førde Opp

Elevar frå 2mka streamar arrangementet Førde Opp

Fleirkamerasending under Førde Opp

Laurdag 27. august var 2. klasse medium og kommunikasjon aktive medieprodusentar under motbakkeløpet og folkefesten Førde Opp.

Heile laurdagen stod elevane bak kamera på toppen av Hafstadfjellet og i sentrum kring scena, der m.a. Iselin Solheim framførte sin musikk. Dei viste bilete av målgangen og deltakarane i sentrum. Det heile vart miksa saman på ein stor utandørs storskjerm som var leigd inn for arrangementet.

Førde opp 2B.jpg

.

Elevar frå medialinja ved Hafstad vgs streamer arrangementet "Førde Opp", hausten 2016. Foto: Hildegunn Bråstad

 

Fleire produksjonar

I vekene før motbakkeløpet blei det laga videointervju av deltakarar og filmar om arrangementet og området kring Hafstadfjellet.

Filmane vart delt gjennom Facebook-kanalen til Førde Opp, og fekk mange treff. Spesielt filmen om Jim (2mka) som klatra opp på Hafstadfjellet i Dress, fekk mange visingar i sosiale medium.

I alt fire kamera var i sving, og for første gang var det mogleg å sende direkteintervju frå toppen av fjellet ved hjelp av overføring gjennom nettet som Enivest hadde kopla til for elevane på toppen. I tillegg tok elevane bilete av konsertane og blant publikum under dagen.

Førde Opp, Trygve Sæten Nilsen.jpg

 

Over: Foto: Sebastian Haukås. Bilete frå toppen av Hafstadfjellet med reporter Trygve (2mka) i bakgrunnen

Elevane og arrangørane var nøgde med dagen, og opplegget hadde eit stort læringsutbytte. Elevane lærte seg å planlegge dekninga av ein event, og fekk bruke sine kreative evner til å lage innslag som passa til publikum både på nett og på storskjerm.

Fotocollage Førde Opp.jpg

Elevar frå Hafstad vgs streamer under arrangementet Førde Opp, hausten 2016. Foto: Hildegunn Bråstad

God erfaring

- Eg jobba som reportar og kameramann på toppen av Hafstadfjellet, seier Trygve (2mka) som var reporter og intervjua deltakarane som kom i mål på Hafstadfjellet.

Han fortel at jobben var slitsam i lengden, men at han lærte mykje om å snakke med framande, og korleis sende filmsignal trådlaust.

Dette er andre året medieelevar på Hafstad har produsert for storskjerm på arrangementet, og tanken er at dette skal vere eit fast innslag for framtidige Førde Opp, som hadde 5-års jubileum i år.

Foto: Hilde Gunn Bråstad og Sebastian Haukås, 2mka medielinja Hafstad vgs.

Tekst: Ole Johnny Devik, medielærar ved Hafstad vgs

Tips ein ven Skriv ut