
Flott aktivitetsdag 2. juni
Aktivitetsdagen blei ein hyggeleg dag for både elevar og lærarar ved Hafstad vgs. I tillegg til fotball i Hafstadparken, kunne elevane delta på sandvolleyball, basketball, skating eller fjelltur til Hafstadkleiva. Det blei også lagt opp til grilling og hyggeleg, sosialt samvær. Her kan du sjå nokre foto frå denne dagen.
Foto: Sebastian L. Kjær, Leon Alexander S. Bjorøy og Håvard Standal frå 1mka