Aktivitetsdag i Hafstadparken våren 2016. Foto: Rune Thingnes

Aktivitetsdag i Hafstadparken våren 2016. Foto: Rune Thingnes

Flott idrettsdag i Hafstadparken!

Fredag 3.juni arrangerte vi aktivitetsdag med fotballturnering for elevane på Hafstad vgs.

 
Tekst: Jan Taule

Foto: Rune Thingnes

For første gang var vi i den flotte Hafstadparken. Dermed fekk vi dobbelt så mange baner i forhold til tidlegare år, med meir speletid og fleire kampar for laga. Heile 33 lag stilte opp i turneringa, 18 jentelag og 15 gutalag. Til samen avvikla vi 76 kampar.

1STB vann jentefinalen etter straffespark-konkurranse, medan 2STD vann gutefinalen. Dagen vart særs velukka! Godt oppmøte og god innsats av alle i eit fantastisk vårver, med sol og varme!

Skulen takkar alle elevar og lærarar som stilte opp og gjorde dette til ein fin dag og ei flott turnering. Vi takkar også Førde IL Fotball for å stille Filhuset til disposisjon for oss med kantina og toalett.

Her er foto frå aktivitetsdagen til Hafstad vgs:

01 Aktivitetsdag foto1.jpg

Over: Elevar og lærarar på aktivitetsdagen til Hafstad vgs. Foto: Rune Thingnes

02 Aktivitetsdag foto 3.jpg

Over: Elevar frå Hafstad vgs som spelar fotball på aktivitetsdagen. Foto: Rune Thingnes

Tips ein ven Skriv ut