www.sogndal.vgs.no

UMK-2017_2MKA

Focus UB med 8 timar direktesending på NRK – Nett TV frå UKM

Det har vanka mykje ros til elevverksemda Focus UB i 2 Media etter Ungdommens Kulturmønstring i Høyanger tidleg i april.

Elevverksemda fekk verkeleg prøvd seg på direktesendt fjernsyn då dei kringkasta alle konsertane på UKM direkte på NRK Sogn og Fjordane – Nett-fjernsyn. 4 konsertar, over 2 timar kvar, ga i alt 8 timar fjernsyn med ungdomskultur frå fylket. Elevane hadde ansvaret for 5 kamera, bilderegi og grafikk på TV-sendinga – samt at programleiarane i Høyanger gjekk på storskjerm i Idrettshallen med bileta frå Focus UB.

UMK-2017 - Kamera.jpg
Foto: Focus UB
Samarbeid med fylkeskulturkontoret

Medielinja på Sogndal vgs har lange tradisjonar på denne type TV-sendingar. Alt i haust fekk 2 MK prøvd seg live på TV2 Sportskanalen med skiskyting i Vik. På UKM hadde dei også regiansvar for alle bilde og grafikk som gjekk ut frå Høyanger. Alt under kyndig leiing  av filmlærar Ragnvald Søgnesand og koordinator Inge Kjell Holme.

Nett-TV-sendingane til skulen er eit samarbeid med fylkeskulturkontoret som saman med  NRK og lokale arrangørar leiger inn elevverksemda frå Sogndal vgs til denne type produksjonar. Skulen har kjøpt inn både kamerakrane og kameraskinner til denne type produksjonar – det gir eit løft på bilderegien.

UMK-2017 - fleirkameraproduksjon.jpg
Foto: Focus UB   Frå ein av generalprøvane (difor tom sal).

Spennande, realistisk, utfordrande og krav til 100 prosent fokus heile tida. Focus UB gjennomførde jobben med stil – med gode tilbakemeldingar frå både NRK og dei andre samarbeidspartnerane.

Alle dei 8 timane med TV / ungdomskultur frå Sogn og Fjordane ligg no ute på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider.

Tips ein ven Skriv ut