Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Foreldremøte for tiandeklasse på Hafstad vgs 19 januar - foto Ole Johnny Devik

Foreldremøte for tiandeklasse på Hafstad vgs 19 januar - foto Ole Johnny Devik

Foreldremøte for tiandeklasse

Trass i eit ruskete ver, var det eit godt oppmøte på foreldremøte for tiandeklasse ved Hafstad vgs. torsdag 19. januar.

Rektor ønskte velkommen, og deretter blei det orientering med rådgjevarane Bjørg Indrebø, og Magne Aardal.

Administrativ leiar Magne Frøholm - informerte om læremiddel og PC-ordninga , og opplæringsleiar Jan Taule orienterte om volleyball- og andre idrettstilbod.

Deretter blei det informert om ulike programområde ved skulen: Kunst, design og arkitektur (studieførebuande) v/opplæringsleiar Mona Fossdal og opplæringsleiar Anette Drage, Studiespesialisering - språk, samfunnsfag og økonomi v/administrativ leiar Magne Frøholm og rådgjevar Magne Aardal, Studiespesialisering - realfag v/rådgjevar Bjørg Indrebø og opplæringsleiar Jan Taule, og Medium og kommunikasjon (studieførebuande) v/ faglærarane Anne Brit Sande og Ole Johnny Devik.

 

Tips ein ven Skriv ut