Fotokonkurranse klima

Fotokonkurranse - klimaomstilling - vinn 5000 kr

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse med klimaomstilling som tema. Fristen for å sende inn bilete er 6. november. Det blir plukka ut ti finalistar. Vinnarbilete vinn 5000 kr og blir framsidebilete på den nye regionale planen for klimaomstilling, som Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtek i 2018. Dei andre finalistane vinn premiar på 500 kr.

Alle bileta som blir sende inn kan bli nytta som illustrasjonar i klimaplanen og til anna profilering av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Konkurransen er open for alle.

De finn meir informasjon og konkurransereglane på sfj.no/fotokonkurranse.

Bildefil  - Fotokonkurranse 2017 B.jpg

Tips ein ven Skriv ut