Susanne Boucher

Susanne Boucher (pressefoto)

Frikjent-Helene til Sogndal Filmfestival

Vi er veldig stolte av å presentere Susanne Boucher som vår første gjest og føredragshaldar ved Sogndal Filmfestival 2017, fortel festivalsjef Sunniva Breidvik.

Susanne Boucher (19) har jobba som aktiv skodeseplar sidan 2010. Ho debuterte først som Mari i “Keeper’n til Liverpool” (2010), men er no aller mest kjend for rolla  som Helene Hansteen i Frikjent (2015), ein norsk krimdramaserie på TV2. Delar av serien Frikjent har blant anna vore spelt inn i Lærdal og Årdal i Sogn, under den fiktive bygda “Lifjord”. I tillegg til dette har Susanne også spelt Cecilie i Beatles (2014), og hatt ei lita rolle i VGTV-serien Kasim Bæder.

Fredag 24. mars kjem Susanne Boucher til Sogndal for å ta del på Sogndal Filmfestival sin fagdag. Her kjem ho til å fortelje om filmkarrieren sin, samt innspelinga og bak kulissane i “Frikjent.” Du kan også treffe Susanne kvelden før på gallakvelden vår den 23. mars. Her blir det raud løpar og prisutdeling i mange forskjellige kategorier for det beste av vestlandsk kortfilm. Gallakvelden har også underhaldningsinnslag og enkel servering. Vi lovar ein kjekk kveld for både unge og vaksne. - Vi har framleis fleire kjende namn som vi skal presentere etterkvart, legg Sunniva Breidvik til.

Sogndal filmfestival ønsker seg  fleire filmar til konkurransen, og minner om at fristen for innsending er 23. februar.

- Du kan melde deg på så mange kategorier du vil, med så mange filmar du ynskjer, fortel marknadssjef Magnus Førde.

Tips ein ven Skriv ut