Avgangsklassen i Medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule arrangerar Sogndal Filmfestival.

Avgangsklassen i Medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule arrangerar Sogndal Filmfestival.

"Frikjent" startar fagdagen

Skodespelar Susanne Boucher (19) og fotograf Jakob Ingimundarson er dei første foredragsholdarane på fagdagen til Sogndal Filmfestival 2017. Dei har mellom anna fokus på "Frikjent", den spanande tv-serien med magisk filming i Årdal og Lærdal.

Fagdagen 24. mars i Sogndal Kulturhus handlar om formidling/ kommunikasjon gjennom film og vi vonar at langt fleire ser dette som eit spanande innspel i skulekvardagen for elevane og kan vere med heilt frå starten klokka 09.00. Der har vi mellom anna har fokus på "Frikjent", den spanande tv-serien som i store delar vart filma i Årdal og Lærdal. Serien er blitt videkjend, også i utlandet for svært godt fotoarbeid, og ikkje minst god reklame for Sogn. Til festivalen kjem fotograf Jakob Ingimundarson som seier at han elskar Sogn og på festivalen får du høyre kvifor. Susanne Boucher er berre nitten år, men har alt lang skodespelarkarriere bak seg, mellom anna var ho med i "Frikjent". 

Produsent Einar Loftesnes sine mange produksjonar er oftast idear med utspring i Sogn. Så er han også opphaveleg sogndøl.  Erling Borgen sitt foredrag der han skal fortelje om filmane sine har gledeleg fått stor interesse, så dersom det er fleire klasser som vil kome, må de snarast gje beskjed. De er velkomen. Det er heilt gratis å delta på fagdagen!  Her kan de sjå fleire av filmane til Borgen.

Fredag 24. mars:

Klokka 09.00: Susanne Boucher (19) skodespelar m.a. tv-serien i Frikjent.

Klokka 10.20 : Jakob Ingimundarson, filmfotograf frå Island.

Klokka 12.00: Erling Borgen, filmprodusent, professor og journalist.

Klokka 13.30 : Einar Loftesnes, filmprodusent opphaveleg frå Sogndal

Relaterte lenker

Kjem «heim» til Sogndal Filmfestival

Frikjent-Helene til Sogndal Filmfestival

Erling Borgen til Filmfestivalen

 

Tips ein ven Skriv ut