Sogndal vidaregåande skule
Jakob Ruud, Sogndal vgs - fylkesmeistar i betongfaget

Jakob Ruud, Sogndal vgs - fylkesmeistar i betongfaget

Fylkesmeisterskapen i yrkesfag på Sogndal vgs

Fylkesmeisterskapen i yrkesfag på Sogndal vgs sist onsdag vart ei svært vellukka tilskiping. 

Me har fått mange gode tilbakemeldingar på det me fekk til, seier ansvarleg for tilskipinga på skulen, avdelingsleiar Henry Arne Helle. Med 6 av 20 vinnarar stakk Sogndal vgs avgarde med flest pokalar i konkurransen, tett fylgd av Mo og Øyrane vgs med 5 titlar.

Sogndal vgs-elevar vann i klassane Vg2 lette køyretøy, betong, røyrleggjar, salsfaget, servitør og ventilasjon og blekkslagar.

Målet med konkurransen er å stimulera til auka rekruttering til yrkesfaga. Heile området på fylkets største skule var teke i bruk til dei ulike tevlingane, både inne og ute. I tillegg konkurrerte Vg2 salsfaget i realistiske omgivnader på AMFI/Sogningen Storsenter.

For vinnarane vankar det ikkje berre heider og ære, men titlane gir også godt bidrag til CV-bygging, samt er ein positiv stimulans for vidare skule og utdanning. Prisutdelinga vart også sendt direkte på Nett-TV av elevane på Medium og Kommunikasjon, Dei bidrog også med fotografering og film frå konkurransen.

Eg er svært stolt over innsatsen til alle på skulen, det gjeld både elevane og lærarane som stod for gjennomføringa av arrangementet seier rektor Ole Jørgen Øygarden. ”The best games ever”, kan stå som ein treffande konklusjon! Tilbakemeldingane frå leiaren i Hovudutval for opplæring Karianne Torvanger, assisterande fylkesdirektør for opplæring Tor-Einar Holvik Skinlo og gjestene frå NHO og Fagopplæringsnemnda var også særs gode.

Tekst: Inge Kjell Holme. Bilete: Weronika Kinga Nitsch.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Du finn fleire bileter frå fylkesmeistarskapen på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine sider på Flickr