Foto av alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2017, på parkeringsplassen ved Thon Hotel Jølster på Skei.

Deltakarane på fylkesting for ungdom 2017. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkesting for ungdom 2018

Fylkesting for ungdom 2018 vert arrangert 6. til 8. april på Thon Hotel Jølster, Skei.

Fylkesting for ungdom (FFU) er ungdomen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. FFU skal arbeide for å ivareta ungdom sine interesser i fylket, for å auke samfunnsengasjementet hos ungdomen og for å fremje ungdomsmedverknad. Sakene til dagsorden ved FFU skal vere fylkesdekkande, lokale saker vert handsama av ungdomsråda i kommunane.

Tingsetet vert arrangert éin gong i året og representantane kjem frå ungdomsråda, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonane. Representantane kan vere mellom 13 og 23 år og vert valde av ungdomane i kommunen, partiet eller organisasjonen.

Alle ungdomar i fylket, i alderen mellom 13 og 23 år, kan ta opp saker til FFU. Sakene vert handsama av arbeidsorganet til FFU, ungdomspolitisk utval (UPU), i forkant av tinget og dei må vere UPU i hende minst éin månad før tingsetet. UPU set opp saksliste basert på innkomne saker og saker det vil vere naturleg å ta opp. Saker kan sendast til Ungdomspolitiskutval@sfj.no.

Fylkesting for ungdom vert arrangert av ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Informasjon til deltakarar og føresette

Praktisk informasjon

Ordensreglar

Arrangementet er rusfritt. Deltakarar som bryt kravet om rusfritt arrangement vert sende heim, på eiga rekning. Alle deltakarane er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, både med omsyn til nattero og branntryggleik.

Samtykkeskjema til nedlasting

Alle deltakarar må sende inn signert samtykkeskjema for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom. Dette i høve til reiseforsikring, reglar, særskilde omsyn og generell informasjon om fylkestinget. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU.

Saker, vedtekter og kandidatar til nytt UPU

Alle ungdomar i fylket, i alderen mellom 13 og 23 år, kan ta opp saker til FFU. Sakene vert handsama av arbeidsorganet til FFU, ungdomspolitisk utval (UPU), i forkant av tinget. Sakene må vere UPU i hende seinast éin månad før tingsetet, 9. mars 2018. UPU set opp saksliste basert på innkomne saker og saker det vil vere naturleg å ta opp. Saker kan sendast til Ungdomspolitiskutval@sfj.no. Det vil i tillegg vere mogleg å ta opp saker under generaldebatten på tinget.

Dei som er innkalla til FFU (kommunane, politiske ungdomsparti, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og ungdomspolitisk utval) kan sende framlegg til endring av vedtektene. Framlegget må vere sendt inn minst 14 dagar før fylkesting for ungdom. Det er også mogeleg for delegatar og observatørar sende inn framlegg til endring av vedtektene til uttalenemnda under fylkesting for ungdom, innan den fristen som gjeld for innsending av forslag til uttalenemnda.

Alle ungdom i alderen 13 til 23 år kan stille til val til ungdomspolitisk utval. Det er mogeleg å stille til val ved å nominere seg sjølv eller andre i forkant og undervegs på tinget.

Presentasjonar

Påmelding

Frist for påmelding er 9. mars 2018. Avmelding etter fristen blir fakturert fullt ut.

For meir informasjon

Ole Martini
leiar i ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
413 93 028

Guro Høyvik
rådgjevar
nærings- og  kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608 (993 65 299)

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven