Foto frå møtet i fylkestinget 5. desember 2017. Biletet er teke framme frå, og vi ser dei fleste representantane og dirigentbordet.

Fylkestinget var samla på Fylkeshuset i Leikanger 5. og 6. desember, der dei blant anna handsama saka om ferjeavløysing for Ytre Steinsund.

Fylkestinget vil ha bru i Solund

Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal søkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ferjeavløysingsmidlar for Ytre Steinsund i Solund kommune.

Målet med prosjektet er å erstatte ferja som i dag går mellom Daløy og Haldorsneset med bru. Det skal gje innbyggjarane i Ytre Solund like vilkår som andre til å delta i aktivt i lokalsamfunnet og ha same moglegheit til å reise til fastlandet.

Likeeins skal dette gje innbyggjarane i Indre Sula høve til å ta i bruk, lære av, delta aktivt i og bidra til lokal samfunnsutvikling i Ytre Solund. Ei bru vil også inkludere Ytre Sula i ein felles bu- og arbeidsregion i Solund kommune i større grad enn i dag.

Det var eit samrøystes fylkesting som 5. desember vedtok at det no skal søkjast om ferjeavløysingsmidlar. Fylkestinget tek endeleg stilling til oppstart av prosjektet etter at søknaden er behandla i Kommunal -og moderniseringsdepartementet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no