www.sogndal.vgs.no

Ein rutebuss på veg opp dei svingete vegane på Aurlandsfjellet.

Foto: Rolf M. Sørensen

Handlingsplan

Den overordna nasjonale visjonen for trafikktryggingsarbeidet er 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken. Visjonen er førande for arbeidet med trafikktrygging både nasjonalt, regionalt og lokalt.

Vår visjon i handlingsplanen for trafikktrygging 2018 - 2021 er derfor 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken. 

Handlingsplanen for trafikktrygging 2018-21 har fokus på bruk og rett bruk av sikringsutstyr, rusførebygging, trafikksikre kommunar og trafikkåtferd. 

Fylkeskommunen har ikkje instruerande mynde overfor andre deltakarar i trafikktryggingsarbeidet. For å redusere ulukkestala er det likevel udiskutabelt at det må jobbast systematisk og målretta. Fylkeskommunen oppmodar til slikt samarbeid gjennom handlingsplanen for trafikktrygging.

Store samfunnskostnader

Trafikkulukker påfører store menneskelege lidingar, og medfører store samfunnskostnader. I 2014 berekna Transportøkonmisk Institiutt at vegtrafikkulukkene landet samal sett kosta  samfunnet 26,7 mrd. kr. 

Ulukker i Sogn og Fjordane

I perioden 2007 - 2016 er det 272 drepne og hardt skadde i vegtrafikkulukker i Sogn og Fjordane. Talet på drepne i denne perioden var 63 personar medan 209 personar vart hardt skadde i same periode.

Utforkøyringsulukker er den største ulukkeskategorien med drepne og hardt skadde i Sogn og Fjordane og utgjer 43 prosent av totalen drepne og hardt skadde. Å hindre utforkøyringsulukker vil såleis vere viktig i arbeidet med redusere tal drepne og (hardt skadde) skadde i trafikken. Gjennom Regional transportplan 2018 - 2027 vil fysiske tiltak for å hindre utforkøyringsulukker vere prioritert. Handlingsplanen for trafikktrygging prioriterer det haldningsskapande arbeidet for å unngå ulukker.

Trafikantretta tiltak

Fylkeskommunal handlingsplan for trafikktrygging vil ha fokus på dei meir trafikantretta tiltaka. For perioden 2018 - 2021 vil handlingsplanen ha følgjande tematiske satsingsområde:

Satsingsområde

Handlingsplan for trafikktrygging 2018 - 2021 på nett.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker