Sogndal vidaregåande skule
Programleiarane Magnus Førde og Veronika Vindedal tok publikum gjennom gallaen torsdag kveld. Foto: Jenny Eiken Mo

Programleiarane Magnus Førde og Veronika Vindedal tok publikum gjennom gallaen torsdag kveld. Foto: Jenny Eiken Mo

Heilstøypt festival

Dei gripande filmane "Hjartebarn” og “The Letter” stakk begge av med fleire prisar under Sogndal Filmfestival 2017 sin gallakveld i Sogndal Kulturhus i torsdag kveld. Både innsende filmar og sjølve arrangementet var særs heilstøypt i år. Til saman vart det delt ut ni prisar under festivalen. 

Det var sunnmøringane som stakk av med flest prisar under gallakvelden. Publikum fekk sjå sterke, gripande og gjennomarbeidde historier. “The Letter”, hovudregi av medieelev Simon Gjerde Tonev ved Akademiet vgs i Ålesund var både folket og juryen sin favoritt og fekk til saman fire prisar, for beste regi og manus, beste etterarbeid, juryprisen, samt publikumsprisen stemt fram i konkurranse med ti andre filmbidrag som låg ute på NRK til avstemming. Juryen meinte at “ The Letter” var ei høgaktuell og sterk historie med eit godt gjennomarbeidd manus og det vart spela på sterke verkemiddel både visuelt og lydmessig. 

Fire prisar.JPG
På festivalen i Sogndal mottok Lars Bastian Reite (22) og Tomas Handlykken (20) fire prisar på vegner av regissiør Simon Gjerde Tonev/ Tonevfilms. Dei to gutane hadde delteke i filmen som kameramann/ skodespelar/voiceover. Foto: Jenny Eiken Mo

Filmen klarte godt visuelt å attspegle budskapet til forteljarstemma. Filmen handlar om ein soldat sine siste ord gjennom eit brev han skriv til familien sin. Der uttrykkjer han frustrasjon og tankar om kor meiningslaust krig er. Juryen meinte filmen er ein orgie i lydeffektar og musikk, og effektiv bruk av effektar og godt handverk ved klippebordet. Etterarbeidet er med å gjere dette til ein heilstøypt film, meinte Juryen om “ The Letter”.

Rører ved oss

Filmen “Hjartebarn”, laga av medieelevar Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad ved Volda vidaregåande skule var også ein film som fekk fram eit breidt spekter av kjensle. Filmen handlar nemleg om ei mor som fortel om då babyen hennar vert sjuk. Filmen tek for seg eit vanskeleg tema på ein respektfull måte som rører ved oss som sjåarar, meinte juryen. Filmen viser korleis ein kan skape sterke inntrykk til ettertanke med enkle verkemiddel, respekt og god historieforteljing.

Hjartebarn fekk prisen for beste dokumentar og for beste film.

Strålande nøgd

- Det var særs høg kvalitet på årets innsende filmar, og me er veldig nøgde med juryen og arbeidet dei har gjort med å plukke ut vinnarar, fortel ein strålande nøgd festivalsjef Sunniva Breidvik. Festivalen er nummer 12 i rekkja arrangert av avgangselevar ved Medium og kommunikasjon ved Sogndal vgs. Juryen sin leiar, Stein Magne Os, stadfestar at det i år var veldig høgt nivå på filmane. - Det er like kjekt kvart år å gå gjennom desse filmane og sjå kva ungdomen har laga, sa juryleiar Os då han skulle dele ut prisen “Juryen sin favoritt”. I juryprisen 2017 var alle dei 40 innsende bidraga nominert. Ikkje uventa var det  ”The Letter” som  gjekk av med sigeren.    

Ung prisvinnar frå Jølster

Juniorprisen gjekk til  Ruben Flatjord Kjøsnes frå Stardalen i Jølster for filmen “Pelle oppå Heida”. Juryen meinte filmen hadde ein humoristisk vri, filmen var laga godt til musikken og det var god bruk av lyd i tråd med forteljing.

Juniorprisen til Jølster.jpgRuben Flatjord Kjøsnes frå Stardalen i Jølster har laga den morosame filmen “Pelle oppå Heida,” og fekk Juniorprisen. Foto: Jenny Eiken Mo

I kategorien sport var det i år mange nominerte filmar. Prisen for beste sportsfilm gjekk til “Vår beste dag” for eit spektakulært fotoarbeid, ein film laga med kjærleik, som har høg “gåsehud-faktor.” Regi og historieforteljing fungerer veldig bra. God samsvar og balanse mellom musikk, klipping og kva som vart vist på filmen, sa juryen om filmen “Vår beste dag”, produsert av Matias Myklebust. Seniorprisen i år gjekk til “Oslo Traffic”, laga av Marta Huglen Revheim, ei samfunnsaktuell og tankevekkjande historie. - Godt manus, god regi og stødig foto og klipp pregar historieforteljinga. Lydbruken i filmen er redigert godt. Gode skodespelarprestasjonar gjer filmen truverdig og realistisk, meinte juryen.

Godt besøkt

Eit publikum på omlag 150 personar fylte storstova i Kulturhuset på Gallakvelden torsdag. I salen sat mellom anna ein nøgd Sogndalsordførar Jarle Aarevoll. Også på fagdagen fredag var det god oppslutning om dei ulike føredraga. På føremiddagen fenga skodespelar Susanne Boucher unge medieelevar frå Sogndal vgs og Hafstad vgs om sjølvbevisstheit og ytre og indre monolog. Fotograf Jakob Ingimundarson avslørte korleis han jobbar bak kamera. Erling Borgen fortalde ein nærare fullsett sal med 300 elevar frå vidaregåande skule om kor heilt utruleg sprengkrafta i dokumentarjournalistikk kan vere. Produsent Einar Loftesnes avslutta dagen med å fortelje om sine prosjekt, inkludert ein animasjonsfilm (som norsk co-produsent), “Richard Storken”, som skal lanserast i mai i år. For tida arbeider også Loftesnes med å finansiere film om kunstnaren Nikolai Astrup.

Tips ein ven Skriv ut