www.sogndal.vgs.no

Rosenhagen

Helse- og oppvekst Vg1 på studietur til Bergen

Vg1-klassane på Helse- og oppvekst ved Sogndal vgs har vore på studietur til Bergen. Besøk på Haukeland, Lepramuseet og Rosenhagen barnehage stod på timeplanen

Galleri

haukeland
Lepra muset

Studietur Bergen klasse 1HOA og 1HOB

24. -25. mai

TORSDAG 24.MAI

Avreise med båt 0705. Det var ein kjekk båttur og fint ver, nokre spelte kort på båten. Me kom til Bergen kl 11.50, då gjekk me til hotellet og sette frå oss bagasjen. Hotellet me overnatta på heiter Hordaheimen.

Fyrste studiebesøket var på Lepra museet. Der fekk me lære om korleis St. Jørgens hospital har utvikla seg, samt om sjukdommen Lepra. Lepra var ein kronisk, bakteriell sjukdom, meir kjent som spedalskheit. Symptoma på Lepra er at ein får store hudforandringar med ein brennande følelsar, i tillegg til at knoklane trekk seg tilbake så det ser ut som om at dei mistar beina. Etter ein del informasjon om korleis denne sjukdommen oppstod og korleis den har påverka Norge, fekk me omvising i dei forskjellige bygga som vart brukt til sjukehus i gamle dagar.

Etter me hadde vore på Lepramuseet fekk me fritid, da var me på shopping, nokre var på hotellet, andre var ute å åt mat. Klokka 19.00 skulle me ha felles måltid kor begge klassane skulle ete på Egon. Etter me hadde ete for nokre på bowling, andre på Fløyen, nokre var ute å handla litt til. Alle måtte tilbake på hotellet til klokka 23.00.

Studiebesøk 25. mai

Fredag delte me gruppa i to og me reiste på studiebesøk. Me som skal gå på helsefagarbeidar var på Haukeland sjukehus.

På Haukeland fekk me informasjon om korleis det var å være lærling der, og korleis dei ulike yrka fungerte der. Me fekk og sjå det nye utgreiingsmottaket der pasientar som kom inn på akutten vart sendt for å bli sjekka nøyare. På slutten fekk me og lov til å komme opp på helikopterdekket. Etter me hadde våre på Haukeland fekk me fritid fram til båten gjekk.

Me som skal gå Barne- og Ungdomsarbeidar neste år var på besøk i ein Steinerbarnehage, som heitte Rosenhagen. Me blei møtt av ei hyggeleg dame som gav oss omvising i heile barnehagen, og informasjon om kva dei hadde i fokus i denne barnehagen i forhold til dei andre barnehagane. Alle synest det var ein kjempe flott barnehage som låg veldig fint til ved eit vatn.

Vi hadde det kjekt sosialt, og vi fekk gjere det vi ville på fritida vår. Vi hadde passe nok fritid, slik at det ikkje berre blei skule heile tida. J

Turen til og frå Bergen gikk bra og alle hadde nokon å vere med. Ettersom vi tok båt istadenfor buss så gjekk turen mykje betre og det var meir å gjere. 

Det var ein kjekk tur der me fekk oppleve andre ting enn me gjer til vanleg på skulen!

 

Helsing elevane i 1hoa og 1hob, og lærarane Mona Himle og Asbjørg Rebni

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut