Sogndal vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Helse- og oppvekstfag
Bilete syner elev som lærer om kroppens oppbygnad

Foto: Focus UB

Helse- og oppvekstfag

Du som bryr deg om og ynskjer å jobbe med andre menneske, kan passe godt til ei utdanning innan helse- og oppvekstfag.

Helse- og oppvekstfag ved Sogndal vgs

På Helse og oppvekst møter du tilsette med høg fagleg og pedagogisk kompetanse.

Vi legg vekt på

  • Gode relasjonar og godt arbeids- og læringsmiljø
  • Høg fagleg kvalitet på opplæringa
  • At opplæringa er praksisnær, tverrfagleg og knyte teori og praksis saman på ein god måte
  • Praksisplassar av høg fagleg kvalitet
  • Elevmedverknad

For opplæring i Helse- og oppvekstfag er det krav om politiattest for praksis/ opplæring i bedrift.

Helse- og oppvekstfag er eit yrkesfag, og Sogndal vidaregåande skule tilbyr følgjande programområde:

Tilhøve ved skulen

Vi har to parallellklassar på Vg1, kvar med plass til 15 elevar. På Vg2 kan du velje mellom helsearbeidarfag og barne- og ungdomsarbeidarfag, her òg med 15 elevar i kvar klasse. Begge linjene gjev godt grunnlag for spanande yrkesval eller vidare utdanning. Klassane er samla i ein ny og moderne skule.

Les meir om Helse- og oppvekstfag og mulegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Helse- og oppvekstfag.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Mona Øvereng Ylvisåker.jpg
Mona Øvereng Ylvisåker
Avdelingsleiar Idrettsfag /
Helse- og oppvekstfag
57 65 46 82
416 80 306
mona.overeng.ylvisaker@sfj.no

Relaterte lenker