www.sogndal.vgs.no

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Ved oppstarten av nytt skuleår går helsesøster rundt i 1. klassane (Vg1) og informerer om korleis du kan bruke denne tenesta.

Helsesøster har slik kontortid:

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Kl 9-14: Open dør

Kl 9-15: Timeavtalar

 

Kl 9-14: Open dør

Kl 9-12: Møtetid helsestasjonen
Kl 12-15: Timeavtalar

Samstundes kan helsesøster motta sms alle dagar på mobil 415 61 255.

Skulelegen

Skulelegen er tilstades torsdagar kl 12:30-15:00 (kontor ved sida av helsesøster).
Ønsker du time hjå skulelegen, ta kontakt med helsesøster.
Det vil vere nokre torsdagar skulelegen ikkje er tilstades på skulen.

Målsettinga med skulehelsetenesta er:

  • Å fremja god helse og trivnad
  • Å gi elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet
  • Å førebygge problem og helseskade

Det er ingen rutineundersøkingar i den vidaregåande skulen. Det blir lagt vekt på at du er ansvarleg for eiga helse.

Skulehelsetenesta kan gi deg råd og rettleiing om:

  • Generelle helsespørsmål
  • Kosthald og fysisk aktivitet
  • Psykiske vanskar
  • Rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
  • Seksualitet, prevensjon og kjønnssjukdommar
  • Graviditet og abort

Her har du nokre døme på kva vi veit fleire ungdomar strevar med:

  • Å tilpassa seg ein ny skule og få nye vener
  • Hovudverk, magesmerter og konsentrasjonsproblem
  • Vanskelege heimeforhold
  • Angst og depressive tankar
  • Rusproblem
  • Å ha blitt seksuelt misbrukt, eller utsett for vold.
  • Problem i forhold til mat, kropp og vekt
  • Å finna eigen seksuell identitet/legning
  • Å finne identitet og rotfeste
  • Mobbing
  • Å oppleve sorg eller krise

DETTE ER VONDT Å GÅ MED ALEINE - PASSAR NOKO AV DETTE PÅ DEG, TA KONTAKT!!

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.

Du treng ikkje bestille time. Stikk innom i trefftida. Du kan og få ein timeavtale viss du ønskjer det.

Helsesøster kan gi råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt med lege og fysioterapeut. Vi kan og tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom har ope onsdagar.  Frå 0930 til 1330 er helsesøster, May Sigrun Winjum, tilgjengeleg oppe på skulen på helsesøsterkontoret for vgs elevar. Frå 1400 til 1530 er HFU ope nede på Sogndal helsestasjon for alle ungdommar under 20 år. Møt opp i opningstida eller ta kontakt med helsesøster på skulen, Linda Habbestad Skorve, for å få time til helsestasjon for ungdom.
Stengt i skuleferiar.


Meir info om helsestasjon finn du her.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Linda Habbestad Skorve.jpg
Linda Habbestad Skorve Helsesøster
415 61 255
linda.habbestad.skorve@sfj.no