www.sogndal.vgs.no

Kort historikk om skulen vår

Sogndal vidaregåande skule blei etablert i 1992 og er ei samanslåing av Sogndal handelsskule, Sogndal gymnas og Sogndal yrkesskule.

Skulen har lange og gode tradisjonar innan yrkesfag og allmennfag. Handelsskulen blei oppretta i 1941, gymnaset i 1942 og yrkesskulen blei flytta frå Kinsedal i 1951. Sogndal gymnas hadde også lærarutdanning i perioden 1963 til 1972.

Gymnasbygget og yrkesfagbygga er frå 1965/66, medan handelsskulebygget er frå 1974. Idrettshallen sto ferdig i 1969. Nokre av bygningane vart utvida i 1980-åra. Det vart ikkje gjort bygningsmessige endringar med tanke på samlokalisering etter samanslåinga av dei 3 skulane før i 2011, då alle yrkesfaglege utdanningsprogram og hovudadministrasjon flytta inn i nytt skulebygg. Frå hausten 2006 har idrettsfag leigd lokale hjå Sogndal Fotball rundt Fosshaugane Campus.

Yrkessjåføropplæringa på Kaupanger held til på Kaupanger. ”Hendenbygget” er frå 1971 og ”Hansabygget” er frå 1983. Brakka frå 1991 vart totalskadd av brann og nye brakker vart sette opp i 2005.

Frå skulestart 2014 vart utdanningsprogramma Helse- og oppvekst og Restaurant- og matfag flytta frå Luster vidaregåande skule som vart lagt ned.

Byggesteg 2 for studiespesialisering og restaurant- og matfag er under bygging, og skal stå klart til skulestart august 2017. Sogndal vidaregåande skule vil då flytte ut av gymnasbygget, og vere samla på nord/vest-sida av Fosshaugane Campus.

Tips ein ven Skriv ut