Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Historie
Ingressbilete x5

Historia til Hafstad vidaregåande skule

Hafstad vidaregåande skule har tre røter. Den første rota stammar frå Førde private middelskule, som vart oppretta av framsynte folk i 1917 i «Solberg- huset», men som seinare vart klokkarbustad.

I 1928 vart det samanslåing med den nye framhaldsskulen, grunna vanskeleg økonomi og spørsmål om lokalisering. Det nye namnet vart Førde framhalds- og middelskule. I 1947 kom den nye lova om realskular, og departementet kravde at dei måtte skilje lag. Aukande folketal i Førde gjorde at det i 1959 stod ferdig eit eige bygg til framhaldsskulen og realskulen, og dette er i dag ein del av Førde Barneskule.

I 1970 vart Førde interkommunale realskule og gymnas oppretta. Realskulen vart avvikla og erstatta av Ungdomskulen i 1974, men det nyoppretta gymnaset levde vidare. I 1973 tok fylkeskommunen over drifta.

I samsvar med «Plan for utbygging av eit vidaregåande skuleverk i Sogn og Fjordane fylke», vedteken i 1972, skulle det byggast eit samla skulesenter i Førde. Mange ulike interesser gjorde seg gjeldande, og sidan utbygginga drog ut, flytta gymnaset inn i leigde lokale  på Kronborg i 1981.

Den andre rota til Hafstad Vgs. stammar frå Handelsskulen, som næringssamskipnaden tok initiativet til i 1965. Den fekk lokale i det vi i dag kjenner som Elvegården.

I 1993 vart Handelsskulen og Gymnaset slegne saman til Hafstad vidaregåande skule, lokalisert på to stader; Elvegården og Sanderplassen på Kronborg. Først i august 1999 kunne dei flytte saman i moderne og praktiske lokale på Hafstad. Dette var tomta der den gamle yrkesskulen låg, og der Tømmerdal først starta ein metallfagskule i 1930-åra.

Den tredje rota stammar frå Heimyrkesskulen i Jølster, som Kristian Eikås grunnla i 1945. Heimyrkesskulen vart til Jølster vidaregåande skule då fylkeskommunen tok  over drifta i 1970.

1992 vart skulen slått saman med Mo Jordbruksskule og vart avdeling Jølster i Mo og Jølster vidaregåande skule.  I samanslåingsprosessen mellom Mo og Jølster vidaregåande og Øyrane vidaregåande i 2014, vart avdeling Jølster lagt ned. Som ei følgje av dette vart utdanningsområda medium og kommunikasjon og studiespesialiserande med formgjevingsfag, flytta til Hafstad vidaregåande skule. Hafstad vidaregåande skule er såleis ein skule forma av ulike kulturar.

I 2016 starta fylkeskommunen dei første sonderingane for å vurdere moglegheita for ei framtidig samanslåing av Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule. 

Tips ein ven Skriv ut