www.sogndal.vgs.no

Nominerte filmar - 2017

Høg kvalitet og stor breidde

10 filmar er  nominerte  til publikumsprisen til årets Sogndal Filmfestival 2017. Desse ligg no ute på heimesida til NRK Sogn og Fjordane og du kan gå inn og gje di stemme.

 

-Vi er veldig godt fornøgd med at det kom inn over 40 filmbidrag frå heile landet til årets festival. Desse filmane fordeler seg over fleire sjangrar og det er stort spenn i aldersgruppene til filmskaparane, seier festivalsjef Sunniva Breidvik.

No er det kun ei veke att til Sogndal Filmfestival skal arrangerast i Sogndal Kulturhus torsdag den 23.mars med tradisjonsrik gallakveld og prisdryss i fleire kategoriar med det beste som ung, kreativ, filmungdom frå Vestlandet har å by på. Og påfølgande fagdag 24.mars.

Jurysjef Stein Magne Os er også godt fornøgd med det juryen har fått til vurdering. Mange av filmane held høg kvalitet, fortel Os.   

Han  meiner det alltid er givande å vere i juryen for Sogndal Filmfestival, og i år er slett ikkje noko unntak.

- Å sjå korleis dei unge brukar film som utrykksform og gjennom dette få eit inntrykk av kva dei er opptekne av er både spanande og interessant, seier Os. Den erfarne fotografen og bildeproduceren har lang fartstid frå NRK. Saman med fotograf Bjørn Bergum har Os sete i juryen for Sogndal Filmfestival i ei årrekkje.  Med i  juryen i år var også: Elisabeth Sowerby Dale og Oddvar Ulven Vigdal.

-Ettersom kvaliteten på filmane i år er jamnt høg og dei innsende bidraga viser stor breidde fekk vi tildels heftige diskusjonar i juryen for å kåre vinnarane, legg Os til.

Kåringa av filmane til publikumsprisen ligg no ute på NRK Sogn og Fjordane.

Dei ti kandidatane til publikumsprisen er:

- Tre Ord av Mathias Hansen og Amalie Heggen

- Pelle oppå heida av Ruben Flatjord Kjøsnes

- Hemmeligheten av Siv Anne Fimland, Martin Nilsen, Thomas Dalen og Kirsti Lowdermilk

- Hjartebarn av Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad

- Bjarne begraver Lykke av Weronika Nitsch, Bjarne M. Sunde

- Limbo av Nicolai Turnage

- Null kontroll av Olav Hopsdal Breistein, Jakob Bjørnøy, Charlotte Marie Sander,  Vilde Thunestvedt

- THEA av Frederika Dolezelova , Eline Jacobsen Lillestøl, Katrine Vedvik og Siara Førde

- The Letter av Simon Gjerde Tonev

- Dinosaurs in the disco av Ola Moen

Tips ein ven Skriv ut