Illustrasjon av ein planlagd hydrogendriven passasjerbåt. Båten er kvit med symbolet H2 med ring rundt i blått på sida.

Utvikling av ein hydrogendriven passasjerbåt er blant prosjekta støtteordninga for hydrogen i næringslivet i Sogn og Fjordane har gitt støtte til så langt. (Illustrasjon: Brødrene Aa)

Hydrogen Region Sogn og Fjordane – ein lab for hydrogenverdikjeder

Sogn og Fjordane fylkeskommune sette i 2016 i gang eit prosjekt for å utvikle lokale, hydrogenbaserte verdikjeder. Prosjektet er no i sluttfasen, og det er tid for å gjere opp status.

Sogn og Fjordane var den første fylkeskommunen i landet til å setje i gang eit slikt prosjekt. Hydrogen Region Sogn og Fjordane har hatt eit budsjett på 5 millionar kroner og har hatt ein prosjektkoordinator i full stilling.

Det overordna målet har vore å etablere fylket som ein leiande region, eit laboratorium, i å utvikle teknologi og ta i bruk hydrogen som energiberar i lokale verdikjeder. Prosjektet kan no vise til blant andre desse dokumenterte resultata:

Støtteordning for utviklingsprosjekt

Det er etablert ei støtteordning for utviklingsprosjekt knytt til hydrogen i næringslivet i Sogn og Fjordane. Førebels har ordninga gitt støtte til

  • utvikling av ein hydrogendriven passasjerbåt frå Brødrene Aa
  • etablering av eit mikronett med lokal energiproduksjon og hydrogen som energilagring i øysamfunnet Solund
  • design av ein arbeidsbåt for Osland Havbruk, som kan gå på hydrogen frå eit småkraftverk
  • ein moglegheitsstudie for hydrogenproduksjon frå eit bølgjekraftverk ved Lutelandet Industripark
  • ein mulegheitsstudie for storskala produksjon av hydrogen for industrielle føremål og eksport i indre Sogn

I tillegg jobbar fylkeskommunen med å skaffe finansiering til eit forprosjekt om hydrogenlastebilar ved TINE Meieriet på Byrkjelo, hydrogen som energiberar i oppdrettsanlegg og industriell bruk av hydrogen på fjordbasen i Florø.

Næringsklynge

Fleire av bedriftene i prosjekta over, har gått saman for å danne ei næringsklynge knytt til hydrogenverdikjeder og vil søkje Innovasjon Noreg om Arena-status. Prosessen er koordinert av Maritim Forening Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har bidrege med økonomisk støtte.

Kommunalt samarbeidsprosjekt

Åtte kommunar i fylket gjennomførte eit samarbeidsprosjekt finansiert av Klimasats-midlane i 2017. Saman har dei laga ei verktøykasse for planlegging og gjennomføring av hydrogenprosjekt i lokalsamfunna. Kommunane Selje, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Gloppen, Høyanger og Årdal har delteke i dette samarbeidet.

Samarbeid med andre fylkeskommunar

Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet har sidan 2016 hatt eit fagleg samarbeid om hydrogen som energiberar, leia av Sogn og Fjordane. Vestlandsrådet vedtok 15. februar i år å setje i gang arbeidet med ein felles hydrogenstrategi.

I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune, saman med Norsk Hydrogenforum, teke initiativ til etableringa av eit landsdekkande fylkesnettverk for hydrogen med støtte frå Klimasats-midlane. Strategien for fylkesnettverket vart presentert på Zero-konferansen i Oslo 1. november 2017.

Kartlegging av kompetansebehov i næringslivet

Hydrogen Region Sogn og Fjordane har sett i gang ei kartlegging av kompetansebehov i næringslivet knytt til hydrogen. Planen er å lage ein kompetansestrategi for fylket, som mellom anna inkluderer satsingar innanfor

  • vidaregåande opplæring
  • fagskule og høgare utdanning
  • FoU
  • innovasjon og utvikling i næringslivet
  • kompetanseauke i forvaltninga
  • samfunnstryggleik og beredskap

Kompetanse- og nettverksbygging

Sogn og Fjordane fylkeskommune har delteke i ulike nettverk for å auke eigen kompetanse og knyte kontaktar. Vi har delteke i mellom anna

  • regionnettverket til Fuel Cells and Hydrogen Joint Undertaking
  • ekspertgruppa for maritim hydrogenteknologi i International Energy Agency (Hydrogen Implementation Agreement Task 39)
  • den norske ekspertgruppa for hydrogensikkerheit i CEN/CENELEC (European Committee for Standardization)

Kommunikasjon og formidling

Hydrogen Region Sogn og Fjordane har mellom anna bidrege til to konferansar om hydrogen i Florø, med høvesvis 130 og 180 deltakarar frå elleve land. Vi planlegg ein ny konferanse i Florø hausten 2018. I tillegg har vi formidla om prosjektet på konferansar og seminar i regi av mellom andre

  • dei norske ambassadane i Tokyo og Washington DC
  • miljøorganisasjonen Zero
  • Norsk Hydrogensymposium
  • Grøn Fjord-konferansen

Forsking og utvikling

Sogn og Fjordane fylkeskommune er partnar i ulike FoU-prosjekt og har delteke i ulike søknader, mellom anna til Regionalt forskingsfond Vestlandet, Forskingsrådet sitt EnergiX-program, NORA-fondet og Klimasats. Hausten 2017 fekk vi tilsegn på 500 000 millionar kroner frå NORA til å danne eit nordatlantisk nettverk for aktørar som jobbar med lokale hydrogenprosjekt.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00