www.sogndal.vgs.no

CC0 Public Domain

CC0 Public Domain

IKT lærling i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogndal vgs er ein av seks skular som søker etter lærling innan IKT-servicefag.

Ynskjer du ein spanande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan du søke om læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen har til ei kvar tid ca.13 lærlingar i staben. I år tek dei inn 6 nye lærlingar.

Sogndal vgs har lang røynsle med å ta i mot lærlingar og kan tilby god fagleg opplæring i samsvar med krava i læreplanen.

Ikt drifts- og utviklingstenesta leverer ikt-tenester til ca. 1500 tilsette og 4500 elevar i fylkeskommunen og har arbeidsoppgåver som drift, utvikling og brukarhjelp knytt til tenester innan server, applikasjon, datanettverk, klientutstyr og samhandlingsløysingar.

Frå 14. august 2017 tek Fylkeskommunen inn lærlingar på følgjande plassar:

  • Hafstad VGS, Førde
  • Mo og Øyrane VGS, Førde
  • Flora VGS, Florø
  • Eid VGS, Nordfjordeid
  • Sogndal VGS, Sogndal
  • Fylkeshuset, Leikanger

Kven kan søke og korleis?

Aktuelle søkjarar må kunne dokumentere godkjend vidaregåande utdanning i eit av dei aktuelle faga. For å få lærlingplass hjå oss må du vere serviceinnstilt, utadvendt og motivert. Du må kunne ta ansvar for eiga læring og ha evner til å samarbeide.

Søk på fylkeskommunen sin rekrutteringsportal ved å klikke på denne lenka

Søknadsfrist

Søknadsfrist for alle lærlingplassane er 25. mars. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Tips ein ven Skriv ut