Sogndal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/IKT og ressursar/IKT-reglementet

IKT-tryggleik

Det er viktig å tenke tryggleik når du jobber digitalt, og på skulen og fylkeskommunen sine nettverk. Bruk nettvit!

Desse råda er basert på fylkeskommunen sin tryggleikspolicy, og sikrar godt nettvit.
For spørsmål, kontakt IKT-ansvarleg ved skulen din.

Haldningar

Dine haldningar er viktige for å skape god informasjonstryggleik. Tryggleiken vert aldri betre enn det kvar og ein av oss gjer han til.

Lås maskina

For å hindre uautorisert tilgang til informasjon skal du alltid låse maskina når du slepp ho av syne. Ingen andre enn du skal bruke di maskin.

Kabla nett

Private og framande maskiner skal ikkje koplast til det kabla nettet i fylkeskommunen.

Trådlause nett

Gjester, tilsette og elevar kan kople seg opp på trådlause gjestenett. Bruk av dette er regulert gjennom retningsliner som må godkjennast av brukar før pålogging.

Utskrift og kopiering

Pass på at dokument ikkje vert liggande på skrivar/multifunksjonsmaskin. Ved handtering av sensitive og konfidensielle dokument skal du stå ved maskina når papir vert produsert.

Nettvit

Alle elevar og tilsette har tilgang til internett. Dette må brukast med fornuft. Norsk lov og fylkeskommunen sine retningsliner skal følgjast.

Bruk av e-post

Ikkje opne vedlegg du mottek frå ukjende avsendarar, eller av andre årsaker er usikker på. Ikkje send konfidensiell eller sensitiv informasjon på e-post. Ved lesing av e-post på andre si maskin (frå internett) må du passe på å logge deg ut.

Rapporter feil

Ved brot på tryggleik skal du melde frå til IKT-ansvarleg ved skulen din.

På reise

Ved bruk av berbar PC på reise skal du handsame denne som om den var på kontoret. Hugs at når du har tilgang til internett, har du tilgang til det same som du har frå kontoret. Det er ikkje lov til å ha sensitiv informasjon lagra på din berbare pc. Frakt alltid berbar PC som handbagasje på fly.

Flyttbare lagringsmedium

Intern, konfidensiell eller sensitiv informasjon på flyttbare lagringsmedium skal handterast slik at den ikkje kjem på avvege.

Passord

Passordet ditt vert brukt i fleire system og skal ikkje skrivast ned eller delast med andre. Passordet skal vere på minst åtte teikn og innehalde tal og bokstavar. Unngå bruk av ord som kan knyttast til deg som person.

Tips ein ven Skriv ut