Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Fråvær 1024x617 F

Informasjon om fråværsreglane

Informasjon 27.09.: Det vart innført nye fråværsreglar for å få karakter i fag 1. august 2016. Politikarane i hovudutval for opplæring har gjort vedtak som skil seg frå dei nye reglane, og vil ha eit møte med kunnskapsministeren. Fram til dette gjeld reglane frå 1. august.

Ofte stilte spørsmål om ny fråværsgrense (lenke til udir)

Debatt om dei nye reglane

Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane handsama saka om fråværsreglane i møte 27. september. Dei vil ha eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om saka, og utsette å gjere vedtak til etter eit slikt møte.

Artikkel: Ventar på ministermøte

Hovudutvalet vedtok 31. august eit revidert fråværsreglement for vidaregåande opplæring i fylket, der det m.a. heiter at obligatoriske køyrekurs ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa, og at rutinane for dokumentasjon skal vere smidige. Dette vedtaket er kjent ugyldig, og det vil bli lovlegkontroll frå fylkesmannen på vedtaket. Fråværsreglar innført 1. august gjeld.

Artikkel: Hovudutval for opplæring vedtok revidert fråværsreglement.

Betre gjennomføring av skuleåret

Hensikta med dei nye fråværsreglane er å motivere elevane til jamn innsats, og å hindre skulk. Slik vil fleire elevar få gjennomført vidaregåande skule. Fråværsreglementet er ein del av ordensreglementet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Dei nye fråværsreglane gjer at ein elev som har 10% fråvær i eit fag i dei fleste tilfelle ikkje kan få karakter i faget.

Tips ein ven Skriv ut