Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Fråvær illustrasjon

Informasjon om nye fråværsreglar

Det vart innført nye fråværsreglar for å få karakter i fag frå 1. august 2016. Politikarane i hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane har gjort vedtak som skil seg frå dei nye reglane. Dette skal opp att til politisk handsaming 27. september. Fram til dette gjeld reglane frå 1. august.

Fråværsreglar frå 1. august 2016 (lenke til side på skulesidene: «Fråvær»)

Ofte stilte spørsmål om ny fråværsgrense (lenke til udir)

Debatt om dei nye reglane

Hovudutval for opplæring vedtok 31. august revidert fråværsreglement for vidaregåande opplæring i fylket, der det m.a. heiter at obligatoriske køyrekurs ikkje skal reknast opp mot 10 prosent-grensa, og at rutinane for dokumentasjon skal vere smidige. Dette vedtaket er kjent ugyldig, og det vil bli lovlegkontroll frå fylkesmannen på vedtaket. Saka skal handsamast på nytt i møte i hovudutvalet 27. september.

Fråværsreglar innført 1. august gjeld.

Hovudutval for opplæring vedtok revidert fråværsreglement.

Betre gjennomføring av skuleåret

Hensikta med dei nye fråværsreglane er å motivere elevane til jamn innsats, og å hindre skulk. Slik vil fleire elevar få gjennomført vidaregåande skule. Fråværsreglementet er ein del av ordensreglementet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Dei nye fråværsreglane gjer at ein elev som har 10% fråvær i eit fag i dei fleste tilfelle ikkje kan få karakter i faget.

Tips ein ven Skriv ut