www.sogndal.vgs.no

Creative Commons CC0

Creative Commons CC0

Informasjon til foreldre og føresette om Elevundersøkinga 2017

Kva er formålet?

Formålet med Elevundersøkinga er at elevar skal få seie si meining om læring og trivsel
på skulen. Resultata frå undersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig, og blir
nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til
å analysere og utvikle elevane sitt læringsmiljø. Data frå undersøkinga kan også bli
brukte til forskingsformål av forskarar som får utlevert grunnlagsdata. Delar av resultata
frå Elevundersøkinga blir publiserte på Skoleporten.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Elevundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. Om hausten er det obligatorisk
for kommunane/fylkeskommunane/skulane å gjennomføre Elevundersøkinga.
Gjennomføring av undersøkinga om våren er eit frivillig tilbod til dei skulane som ønskjer
det.

Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og eleven kan velje å hoppe over spørsmål
dersom eleven opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål
eleven ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i
samsvar med det til ei kvar tid gjeldande personvernregelverket. Utdanningsdirektoratet
er aleine behandlingsansvarleg for opplysningane som blir behandla i Elevundersøkinga.

Elevane som svarer, oppgir ikkje namn, men det vil likevel i nokre få tilfelle vere ei
teoretisk moglegheit for at den som behandlar grunnlagsdata, kan kjenne att
enkeltpersonar som har svart (indirekte identifisering). Direktoratet har derfor utforma
sikringstiltak for å ta vare på personvernet under behandlinga av grunnlagsdata frå
Elevundersøkinga. Det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultat frå
undersøkingane – det gjeld for skulane, skuleeigarane og dei statlege
utdanningsmyndigheitene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte attkjenning av
personar som har svart. Data frå undersøkinga skal aldri publiserast offentleg på ein
måte som gjer det mogleg å kjenne att svara til enkeltelevar.

Ved utlevering av grunnlagsdata til forskingsformål blir forskarane pålagde å følgje
direktoratets reglar for konfidensialitet, og dei må skrive under på ei teieerklæring.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skulen. Du finn òg mykje informasjon på
www.udir.no/undersokelser.

Tips ein ven Skriv ut