Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Maleri av Frøydis Aarseth

Maleri av Frøydis Aarseth

Innbyding til utstilling

Sunnfjord Kunstlag sender med dette ut innbyding til opning av ei stor gruppeutstilling med 24 kunstnarar, alle med den fellesnemnaren at dei i ein eller annan tidsbolk har vore elev ved Heimeyrkeskulen i Jølster.

Ingressbilete: Maleri av Frøydis Aarseth

Vi vil særskild oppmode skuleverket om å opplyse elevane sine om utstillinga. Dei er velkomne til opninga, og kunstlaget tek gjerne mot klassar til omvisning i skuletida. Ta kontakt!

Ein kort prosjektomtale PDF document ODT document ligg òg ved, for dei som ynskjer meir om bakgrunnen for at kunstlaget satsar på eit såpass stort prosjekt.

Velkomne alle saman!

 

Med helsing

Sunnfjord Kunstlag

v/leiar Gunnstein Brakestad

Tips ein ven Skriv ut