Grundercamp 2017

Innovasjonscamp 2017, Hafstad-elevar i vinnargruppa!

Det var 12 elevar som deltok under innovasjonscampen 2017 den 21.november – med temaet "Energi for framtida". Gruppa med Ingrid Bolstad, Thale Eliassen Fink og Jenny Heggheim Myklebust frå 2STA vann, saman med 3 elevar frå Øyrane. Dei to andre gruppene frå Hafstad vgs delte 3. plassen.

Tekst: Leon Årdal. Foto: Marte Gjelsvik

Elevane vart delt inn i 3 grupper. Dei kunne velje mellom to ulike oppdrag: «Grønne ferjer» eller «Framtidas nabolag». Alle dei 3 gruppene valde oppdraget om ferje. Frå Hafstad vgs var det VG2-elevar frå biologi (2BIO), fysikk (2FYS) og kjemi (2KJE) som var med denne dagen. Totalt 8 grupper deltok på innovasjonscampen. 

Lærar Leon Årdal som deltok saman med elevane frå Hafstad vgs, fortel at opplegget var lærerikt for elevane, og at dei jobba veldig godt og kreativt.

Grundercamp 2017, foto - Marte Gjelsvik.jpg

Her kan de lese meir om kva dei to oppdraga som elevane kunne velje mellom gjekk ut på:

OPPDRAG 1: Grønne ferjer

Dei fleste ferjene i Norge er dieseldrevne. Eit viktig tiltak i arbeidet med å få redusert utsleppa av klimagassar er å innføre/auke bruken av fornybar energi på dei mest egna og trafikkerte ferjestrekningane. Gruppa skal utforme ei eller fleire løysingar for korleis dette kan gjerast.
Løysingsforslaget kan gjerne illustrerast.

Juryen vil legge vekt på fylgjande vurderingskriterier:

-Løyser ideen oppdraget?

-Er løysinga framtidsretta og innovativ/nyskapande?

-Er løysinga gjennomførbar og berekraftig?

-Har gruppa kunnskap om energi og energieffektivitet?

-Klarer gruppa å selje ideen til juryen?

-Kva må gruppa gjere:

-Levere ein beskrivelse av løysinga (2-4 sider)

-Holde ein presentasjon/pitch (elektroniske verkemiddel kan nyttast)

-Ha med kjeldehenvisningar

 

OPPDRAG 2: Framtidas nabolag 

Ta utgangspunkt i ein bydel eller eit nabolag de kjenner godt. Tenk de er byplanleggarar og skal gjer om dette området til framtidas nabolag i 2030. Dei nye løysingane må ha minimale utslepp av klimagassar, lavt energibruk og dei skal nytte fornybare energikjelder. Forslaget til fremtidas nabolag skal inkludere fleire typar bygningar samt gode løysingar for transport. Hugs å tenke miljø i alle faser av prosjektet, det vil sei i planleggings- og prosjekteringsfasen, under oppføring, under bruk og ved avhending. Løysinga skal vere heilskapleg og innovativ.

 

Vurderingskriterier

Juryen vil legge vekt på fylgjande vurderingskriterier:

-Løyser ideen oppdraget?

-Har gruppa kunnskap om energi og energieffektivitet?

-Er løysinga framtidsrettet og innovativ/nyskapande?

-Er løysinga gjennomførbar og bærekraftig?

-Klarer gruppa å selje ideen til juryen?

 

Kva må gruppa gjere:

Levere ein beskrivelse av løsningen (2-4 sider)

Holde en presentasjon/pitch (elektroniske verkemiddel kan nyttast)

Ha med kjeldehenvisningar

 

GRUPPA VEL EIT AV OPPDRAGA

Tips ein ven Skriv ut