Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Aktivitetsdag ved Hafstad vgs våren 2016, foto - Rune Thingnes

Interessert i å jobbe på Hafstad vgs?

Vi treng av og til vikarlærarar i ulike fag ved Hafstad vgs. Ynskjer du å vere vikarlærar t.d. i kroppsøving? Ta kontakt med skulen. Det er også lyst ut ein stilling som miljøarbeidar (elevassistent) ved skulen, med søknadsfrist 1.03. (Les meir om denne stillinga, ved å klikke på tittelen)

Stillingsannonsen er henta frå sfj.no, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om arbeidsgiver:

Hafstad vidaregåande skule held til i eit moderne og spennande skulebygg, vakkert plassert ved elva Jølstra i Førde sentrum. Skulen har 75 tilsette og 470 elevar. Skulen tilbyr Studiespesialiserande utdanningsprogram, Kunst, design og arkitektur, Medium og kommunikasjon og nettbasert vaksenopplæring. Hafstad vidaregåande skule er ein av tre eksamensskular i Sogn og Fjordane. Skulen legg stor vekt på eit godt læringsmiljø og eit stimulerande og rikt fellesskap for elevar og tilsette.

Om stillingen:

Ved skulen er det frå 01.08.2017 ledig ca. 80 % stilling som miljøarbeidar. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere sosialpedagogisk arbeid og oppfølging av enkeltelevar i naturfag og matematikk, i tillegg til andre aktuelle fag. Søkjar må ha gode dataferdigheiter. Det vil bli lagt særskilt vekt på evne til gode relasjonar til elevar som treng funksjonsassistanse i skulekvardagen.

For stillinga gjeld:

  • Løn etter gjeldane regulativ 
  • Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår 
  • Prøvetid på 6 månader 
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing 
  • Refusjon av flytteutgifter etter gjeldande regler 

Attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju.

Stillinga vert utlyst med atterhald om at tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune kan ha førerett til stillingane.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte rektor Nina Bygstad, tlf. 950 86 910.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no under ledige stillingar.

Søknadsfrist: 01.03.2017

Foto: Rune Thingnes. "Aktivitetsdagen ved Hafstad vgs, våren 2016"

Tips ein ven Skriv ut