Sogndal vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering

Internasjonalisering

Kontakt med andre land og kulturar kan vera lærerikt på mange måtar. Som elev ved eit studieførebuande utdanningsprogram kan du få godkjend eitt år opplæring i utlandet som likeverdig med Vg1 eller Vg2 i Noreg.

Skulen er med på eit Comeniusprosjekt som varer frå H2008 til V2010, og eit studieprogram kalla European Studies som er eittårig og blir fornya frå år til år. Comeniusprosjektet er eit samarbeid mellom Noreg, Irland, Spania, Frankrike og Danmark. European Studies er eit samarbeid mellom Noreg, Irland, Nord-Irland, Skottland, Wales og Frankrike.

Vilkår for godkjenning av opplæring i utlandet

Dei aktuelle reglane finn du å lese i rundskriv frå utdanningsdirektoratet

Det er vanlegast å søkja om godkjenning av Vg2 i utlandet. Det som står her gjeld difor Vg2:

Du må dokumentera fullført og bestått eit skuleår likeverdig med Vg2 i Noreg, og at du ville blitt flytta opp på neste trinn i det landet du har vore i. Då kan du få godkjent eit skuleår frå utlandet.

For å få vitnemål etter Vg3 må du dokumentera bestått opplæring i utlandet i fag som er likeverdig med alle fellesfaga i Vg2 i Noreg du ville fått standpunktkarakter i. Du har sjølv ansvar for lærestoffet elevane i Vg2 i Noreg har i faga historie og norsk. Sluttvurderinga i Vg3 i desse faga skal innehalde vurdering av lærestoffet i Vg2.

Særskilt for utdanningsprogram for studiespesialisering

I programområde for studiespesialisering må du òg dokumentera bestått opplæring i minst to programfag frå ditt programområde. Dei to faga vil du ha som fordjupingsfag i Vg3.

Utdanningsprogram for idrettsfag

I programområde for idrettsfag må du dokumentera bestått opplæring i utlandet i fag som er likeverdig med dei felles programfaga i programområdet, aktivitetslære 2, treningsleiing 1 og treningslære1. Du har sjølv ansvar for lærestoffet elevane i Noreg har i Vg2 i faget idrett og samfunn. Sluttvurderinga i Vg3 i dette faget skal innehalde vurdering av lærestoffet i Vg2.

Når du kjem att frå utlandet

Du må, så snart som råd, levera dokumentasjon på læreplan og vurdering i faga du har teke i utlandet.
Dersom du ikkje fyller krava i alle faga, må du ta dei manglande faga som elev eller privatist i Noreg før du får vitnemål. Oppmeldingsfristen til hausteksamen for privatistar er 15. september, og våreksamen 15. januar.

Du må følgja opplæringa i alle fag på Vg3 når du kjem attende til Noreg.

Godkjenning Vg1 og Vg3

Det er også mogleg å få godkjend eitt år i utlandet som likeverdig med Vg1. Føresetnadane er hovudsakleg dei same som omtala ovanfor. Det vert ikkje gjeve godkjenning for opplæring i utlandet som erstatning for Vg3 i Noreg. Elev som ønskjer å ta opplæring i utlandet i staden for Vg3 i Noreg, må få eventuell dokumentasjon på fullført og bestått opplæring på lærestaden i utlandet.

Kvar skal du reisa?

Dei organisasjonane som tilbyr utvekslingsopphald har avtalar med skular over heile verda. Det beste er om du søkjer til eit land som har tilsvarande skuleår som Noreg. Land som t.d. Australia og New Zealand har avvikande skuleår (dvs skuleåret startar i januar og avsluttar mot jul). Du kan ikkje rekna med å få godkjent opphald med avvikande skuleår som erstatning for Vg1/Vg2.

Korleis søkjer du?

Det første du gjer, er å kontakta ein av dei organisasjonane som har spesialisert seg på elevutveksling. Søknad sender du til dei, gjerne på internett. Søknadsfristen kan variera frå organisasjon til organisasjon. Etter ei stund vil du bli kalla inn til intervju. Det kan òg henda at du må ta ein språktest. Når du har fått svar om opptak, søkjer du Sogndal vidaregåande skule om å få godkjent skuleåret som Vg2. Skulen har laga eigne søknadsskjema som du kan bruke når du søkjer om slik godkjenning.

Søknadsskjema utdanningsprogram for studiespesialisering PDF document ODT document . Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)

Søknadsskjema utdanningsprogram for idrettsfag PDF document ODT document . Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)

Søknadsskjema om endeleg godkjenning av skuleår i utlandet PDF document ODT document . Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)

Kva kostar eit utvekslingsår i utlandet?

Prisen for opphaldet er avhengig av kva land du reiser til og kva organisasjon du reiser med. Statens lånekasse for utdanning gir utdanningsstønad under føresetnad av at du får godkjent studiet som Vg2. Det er den skulen du har gjennomført Vg1 ved som skriv slik godkjenning. Søknad om stipend kan først sendast når du har fått vertsfamilie og skuleplass, dvs i løpet av våren/sommaren før du skal reisa.

Tips ein ven Skriv ut