Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering
Internasjonalisering x

Internasjonale samarbeid og prosjekt ved Hafstad vgs

Her kan du finne informasjon om internasjonale prosjekt ved Hafstad vgs.

Hafstad vgs har i skuleåret 2016-18 fått støtte til Erasmus+ programmet, der elevar frå skulen vår samarbeider på tvers med skular i Frankrike, Sverige, og Spania.

Tekst: Ole Johnny Devik

Sverige 12.-18. mars 2017

12.-18. mars deltek Hafstad vgs. med elevar frå 1mka og 2mka på den andre av fire mobilitetar (utvekslingar) i Erasmus+ programmet.

Reisemålet er Borås, aust for Gøteborg, og partnerskulen Sven Eriksonsgymnaiset er vert for samlinga. Dette er den skulen i Sverige med flest ungdomsbedrifter (50 stk.) - sjølv om det er ein rein studiespesialiserande/førebuande skule. (http://www.boras.se/svenerikson​) Over ei veke skal elevane lære om foretningsmodellering, delta på ei av sør-Sverige sine største messer for ungdomsbedrifter i Åhåga senter *) i regi Ungt Entreprenørskap Sverige, og lære seg å bli meir kjend med elevane frå Frankrike, Spania og Sverige. 

Samarbeidsspråket er engelsk, og elevane skal lære seg planlegging, presentasjon, internasjonalt samarbeid og andre verdiar knytt til tema. Siste dagen skal medieelevane besøke eit stort mediedesignselskap og produsere ein film for Erasmus+ ang. det å utarbeide og produsere logo til sine ungdomsbedrifter. Elevane har også med ein språklærar som skal delta i samarbeid med Nordiske språklærarar på skulen - for felles fagleg utvikling.

Erasmus Schedule March 2017.jpg

Spania 13. - 19. november 2016

13. - 19. november reiste to lærarar (Maria Stubhaug og Geir Skagen) og 6 elevar til Girona i Spania. Føremålet med reisa var eit samarbeidsmøte med workshop og erfaringsutveksling med elevar frå Spania, Frankrike og Sverige. Les meir om opplegget i ei sak skriven av Firda.

Hafstad VGS Internasjonal Workshop Foto Geir Skagen.jpg

Over: Workshops i Spania. Foto: Geir Skagen

Elevar frå Hafstad vgs deltek i workshop i Spania

Over: Workshop i Spania. Foto: Maria Stubhaug

Elevar frå Hafstad vgs utanfor Sagrada Familia

Over: Elevane ved Sagrada Familia i Spania. Foto: Geir Skagen

Tekst: Ole Johnny. Foto: Privat

Ny pris for internasjonalt samarbeid
Internasjonalt samarbeid har stått på timeplanen på Hafstad vgs skuleåret 2015-16. I veke 17 vart den spanske ungdomsbedrifta SOS Elder kåra til beste bedrift innan internasjonalt samarbeid i landstevlinga i Madrid. Dei vann tidlegare i vår den regionale messa i Sør-Spania.

 

Bedrifta har arbeid i lag med medieklassen 2mka og RAW media UB på Hafstad vgs. gjennom skuleåret. Medieklassen har lage design til logo og merkevare. Grete Roska i 2mka har stått for logodesign, og har levert mange utkast til elevane i Spania som hadde ei vanskeleg oppgåve i å velge den dei meinte best representerte selskapet sitt.

Grete Roska Logo.jpg

Over: Logo over: Cred RAW Media frå klasse 2mka

Elevane frå begge nasjonane har hatt fleire Skype-møter gjennom året der dei har utveksla idear og blitt kjent med kvarandre sitt arbeid. Forretningsideen til bedrifta er ein app som skal hjelpe eldre med å finne fram dersom dei går seg bort, m.m.

Lærar Joan Taló (t.v.) ved skulen Bell-lloc del Pla i Girona (Spania) jobber med økonomifag og praktisk entreprenørskap (Ungt Entreprenørskap og EwB) ) og har ei lang rekke med nasjonale og internasjonale prisar bak seg. Fleire i lag med Hafstad vgs., sist for verdas beste samarbeidsbedrift i fjor.

Målet for dei to skulane er å jobbe saman på fleire prosjekt i framtida, så kanskje vert det fleire samarbeidsprisar? Lokal kontaktperson for samarbeidet er medielærar Ole Johnny Devik.

Internasjonal pris Privat foto 2.jpg

Elevar på messe i Riga, våren 2015

I slutten av mars reiste tre elevar frå medielinja på Hafstad Vgs til Riga i Latvia. Der skulle dei stå på stand i lag med elevar frå Spania.

Tekst: Liv Einemo, 2mka

Mediaelevane Raymond Aardalsbakke, Marie Vefring og Jostein Vedvik representerte bedrifta si Raw Media UB, og var der også for å lage film frå entrepenørskapsmessa Riga International Student Company Festival.

MK elevar i Riga.jpg

PÅ STAND I RIGA: Lærar Joan Taló ved Bell-lloc del Pla i Spania (til venstre) i lag med sine to elevar og (f.h.) Raymond, Marie og Jostein frå Hafstad vgs. Pressefoto

– Ei gruppe frå klassen har i løpet av skuleåret hatt eit internasjonalt samarbeid med elevbedrifta Wirbasing frå Spania. Vi har vore ansvarlege for marknadsføring, samt litt produktdesign, fortel Raymond. 59 bedrifter frå 12 ulike land i Europa tok del i messa som var arrangert av Enterprise Without Borders. Alle bedriftene har tidlegare vore gjennom ei innleiande runde som tok dei vidare til denne messa i Latvia.

– Det var veldig spennande og lærerikt å møte elevbedrifta frå Spania, som me har kommunisert med over internett i heile vinter, seier reiseleiar Jostein Vedvik. Turen hadde dei sjølv tent inn ved å jobbe med ulike filmprosjekt, samt ved å søke midlar frå NHO Sogn og Fjordane (Ungt Entreprenørskap). Dei tre er no godt inne i ferdigstillinga av ein film, som viser korleis det er å vere på ei slik messe. RAW media var i fjor nominert til eit av verdas fire beste internasjonale samarbeid, og dette er ei vidareføring av denne typen samarbeid.

Meir informasjon: Den internasjonale festivalen i Riga: http://iscflatvia.com/en/home Ungdomsbedrifta RAW media sine nettsider: http://www.rawub.com/

Elevar ved Hafstad vgs på oppdrag i Frankrike, våren 2015

Dei siste åra har det vore mogleg gjennom midlar frå Leonardo Da Vinci-prosjektet, å sende elevar og lærlingar utanlands med utplassering i tre månadar, for å få arbeidserfaring innan sine fagområde. Elevar/lærlingar frå Hotell og Matfag, Byggfag, Helsearbeidsfag, IKT og TIP har fått utplassering og arbeidserfaring frå land som bla. England, Frankrike, Tyskland, Spania, Danmark, Tsjekkia og Latvia.

I haust tok Roger Kløvtveit, rådgjevar ved Opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, kontakt med Hafstad vgs. Han la fram eit tilbod om eit spennande samarbeidsprosjekt mellom Opplæringsavdelinga og elevar og lærarar på Medium og kommunikasjon.

MK elevar i Frankrike 1.jpg

Årsaka til at Kløvtveit tok kontakt med Medium og kommunikasjon på Hafstad vgs, var eit ønskje om å få utforme ein informasjonsfilm (og eventuelt anna profileringsmateriell) som synleggjer og informerer om ungdom i fylket som får lærlingplass og arbeidserfaring i utlandet.

Kløvtveit såg føre seg at MK-elevar kunne lage ein film med fokus på tre fasar: a) Før elevane/lærlingane reiser utanlands. b) Intervju og dokumentering av opphaldet medan elevane/lærlingane i utlandet, og c) Oppsummering og refleksjon etter opphaldet i utlandet (fagleg utvikling og læringsutbytte, og om kva opphaldet har betydd for elevane/lærlingane m.m.)

Ungdomsbedrifta på VG2, Raw Media UB tok på seg dette oppdraget, saman med lærarane Espen Nyttingnes og Ole Johnny Devik.

Elevane frå ungdomsbedrifta som blei plukka ut til å arbeide med film og dokumentasjon i utlandet, var Martine Lundekvam, Josef Benoni Ness og Eirik Johnsen. Turen blei organisert med først ei veke i Frankrike, og deretter ei veke i Danmark. Dei reiste til La Rochelle i Frankrike 7. mars, saman med Devik. I heile veke 11 har dei tre elevane frå 2mka arbeidd med å dokumentere opphaldet til norske elevar som har si læretid innan restaurant og matfag på ein fransk skule.

MK elevar i Frankrike 2.jpg

Sundag 15. mars reiste dei vidare til København for å følgje Bygg og anleggselevar si læretid i Danmark. Espen Nyttingnes (lærar i film) følgjer elevane til Danmark.

Vi er spente på å få høyre korleis elevane våre har hatt det medan dei har vore ute på oppdrag, og ikkje minst spente på å få sjå bilete, filmar og ferdig materiell etter at dei kjem tilbake. Vi er sikre på at prosjektet vil være svært lærerikt for dei involverte elevane, og er stolte over jobben dei gjer – og for tilliten som Opplæringsavdelinga har synt oss gjennom dette oppdraget.

Tekst: Mona Fossdal. Foto: Ole Johnny Devik

Reiser utanlands for å lage reklamefilm

Tekst av Elias Engevik (henta frå: nrk.no, 12.02.2015)

MK elevar i Frankrike 3.jpg

Over: Martine Lundekvam og Eirik Johnsen frå 2mka. Foto: Espen Nyttingnes

FØRDE (NRK): Elevbedrifta frå Hafstad vidaregåande skule skal ut i verda for å filme lærlingar. Filmen skal lokke fleire til å ta lærlingtida i europeiske land.

– Eg synst dette er utruleg kjekt, det er noko litt anna enn det vanlege vi gjer på medielinja. Det er ein enorm moglegheit for å lære, samtidig som å oppleve andre plassar. Det fortel ein engasjert elev, Martine Haugen Lundekvam, som er prosjektleiar for filmen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har bestemd seg for å satse meir på utveksling av lærlingar i fylket med andre europeiske lærlingar.

For å lokke elevar til å ta lærlingtida i utlandet, vart elevbedrifta «RAW media» spurd om å dokumentere utvekslingsprosjektet.

I mars skal tre elevar og ein lærar reise til både Frankrike og Danmark for å følge lærlingar som har praksis der. Elevane skal jobbe som eit filmteam, og kjem til å intervjue og filme det lærlingane gjer.

– Vi er godt i gang med forarbeidet, vi har filma ein lærling i Sogndal. I mars reiser vi eit filmteam til Frankrike for å følge tre kokkelærlingar der. I Danmark skal vi følge lærlingar i byggbransjen. Det er veldig kjekt å få jobbe slik, smiler Lundekvam.

Lærar ved medielinja på Hafstad, Ole Johnny Devik har trua på at elevane lærer noko meir gjennom slike prosjekt og å jobbe i ei elevbedrift.

– Elevane lærer seg å produsere medieprodukt for ekte kundar, i staden for oss lærarar som mottakar, forklarer Devik.

RAW media vart starta av elevar for tre år sidan, og leverer tenester som foto, film og grafiske produkt. Etter kvart har bedrifta vunne fleire prisar på ulike messer for entreprenørskap, og fått eit godt rykte.

– Vi har gjort det bra nasjonalt og internasjonalt med filmprosjekt, store kundar har brukt oss, så vi har nok fått eit godt rykte, meiner Devik.

Samarbeid med skulen St. Theresa i Uganda

I desember 2014 fekk Hafstad vgs besøk frå Uganda. Tre lærarar (Rhoda, Janemary og Geoffery) og tre elevar frå skulen St. Theresa var i Sunnfjord i ei veke. Ole Johnny Devik hadde regien for opplegget denne veka. Besøket var ei vidareføring av eit internasjonalt samarbeidprosjekt som programområda Medium og kommunikasjon og Formgjevingsfag starta opp med forrige skuleår på avd. Jølster. Det blei utveksling av erfaringar frå ulike kulturar, og gjestane fekk blant anna med seg arrangement som konsert, museumsbesøk, besøk på ulike skular, i tillegg til å delta aktivt i undervisning på både MK og SF. Den siste dagen blei avslutta med ein hyggeleg julelunch på Sunnfjord hotel, der gjestane våre, rektor, og involverte lærarar var med.

Uganda besøk hos SF Førdehuset.jpg

Over: Besøk frå ein skule i Uganda. Her ser vi faglærar i formgjevingsfag Wenche Steinsvik til venstre.

Uganda besøk hos SF elevar og med rektor.jpg

Over til venstre: Ein elev frå klasse 3sfa fortel om oppgåver i formgjevingsfag. Til høgre: Rektor Grethe Øren saman med gjestane frå Uganda

Uganda besøk på kunstmuseum.jpg

Over: Gjestane våre frå Uganda er med på besøksrunde i kunstmuseet i Førde

«Students and teachers from St. Theresa Girls’ S.S in Masindi Uganda visited Hafstad vgs in western Norway this week. Among many different activities they had a guided tour on the local art museum learning about art and design from our teacher Wenche of the arts and design education class». Tekst og bilete: Ole Johnny Devik

Her er også ein film som blei laga om gjestane våre frå Uganda: http://www.firda.no/tv/3-D25F6381.html

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anette svhv4.jpg

Anette Drage

Opplæringsleiar for språk og samfunnsfag

Anette.Drage@sfj.no

57 63 75 08 / 992 33 686

Mona svhv 5.jpg

Mona Fossdal

Opplæringsleiar for medium og kommunikasjon, og for kunst, design og arkitektur

mona.fossdal@sfj.no

57 63 75 71 / 959 67 738