www.sogndal.vgs.no

Leo

Leo Ajkic snakka om si historie på Internasjonalt fokus i Sogndal onsdag

Internasjonalt fokus på Sogndal vgs

Det var mange elevar i idrettshallen då Leo Ajkic snakka om si historie.

Leo kjem frå Bosnia, og snakka om si oppvekst, flukt til Noreg og si TV karriere.

 

”Eg bomma på basketballkorga, og traff eit gang-medlem i hovudet”

Leo opna med humor då han skulle fortelje si historie. Han opna med både innleiinga til Fresh Prince of Bel Air og Tarzan.

Vidare snakka han om korleis det var å vere på flukt frå heimlandet sitt, integreringa til Noreg, og TV-karriera hans.

 

Trur du at du er eit forbilde for mange?

-Eg veit eg er eit forbilde for mange, og det er eg 100% sikker på. Det å vite det hjelp mykje på sjølvtilliten, og gjer til at eg tør å satse meir på det eg har lyst til.

 

Leo har budd i Noreg sia han var 11,  og har vore nokre goner tilbake til heimlandet sitt, Bosnia.

 

Feirer du norsjonaldagen til både Bosnia og Noreg?

-Eg veit ikkje ein gang når nasjonaldagen i Bosnia er, så eg feirer berre 17. Mai.

Innsamlingsdag for Eshowe

Elevar som har vore å besøkt Eshowe oppfordrar alle til å tene inn 400kr.

Fredag 8. Desember skal elevane ha arbeidsdag for Eshowe. Denne dagen skal elevane ved Sogndal VGS samle inn 400kr som skal gå til vår samarbeidskule i Eshowe. Pengane går til blant anna nye bygningar, læreverk og suppekjøken. 

 

Tekst og foto: Tobias Barsnes

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Elevar_Internasjonalt fokus