Sogndal vidaregåande skule
Filmprodusent Einar Loftesnes (t.h.) og fotograf Jakob Ingimundarson kjem til Sogndal Filmfestival 2017.

Filmprodusent Einar Loftesnes (t.h.) og fotograf Jakob Ingimundarson kjem til Sogndal Filmfestival 2017.

Kjem «heim» til Sogndal Filmfestival

Både produsent Einar Loftesnes og fotograf Jakob Ingimundarson kjem «heim» når dei vitjar Sogndal Filmfestival i mars – kvar på sitt vis.

Loftesnes er frå Sogndal, medan Ingimundarson kjem tilbake til naturen han så magisk festa til linsa under produksjonen av TV-serien  «Frikjent», som vart filma i Årdal og Lærdal.

– Eg elskar Sogn, seier filmfotografen.

Frikjent i sentrum

Sogn var hans første møte med Noreg for 16 år sidan. Seinare har han vore her fleire gonger fordi kona hans er sogning og ikkje minst under innspelinga av «Frikjent», der han hadde filmarbeidet saman med kollega Gaute Gunnari. TV-serien har gått i to delar og har fått mykje merksemd, også internasjonalt, for svært godt filmarbeid.

På Sogndal Filmfestival 24. mars vil Ingimundarson fortelje om arbeidet med «Frikjent», og korleis fotografane prøvde å gjere sognenaturen til ein eigen karakter i serien. 

Andre prosjekt Ingimundarson har jobba med er «Sniffer», ein kortfilm som vann gullpalme i Cannes, Tv-seriane «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt myldret», «Lilyhammer» og filmane «Jernanger», «United» og «Dirk Ohm».

Også «Frikjent»-skodespelar Susanne Boucher kjem til Sogndal Filmfestival.

Lokal produsent

Ingimundarson har hatt fleire prosjekt saman med filmprodusent Einar Loftesnes. Loftesnes har vore produsent for fleire filmar, blant anna skrekkfilmen «Villmark 2», som vart spelt inn blant anna på Harastølen i Luster og ved Kyndilstjørni i Kaupanger.

– Dei fleste prosjekta mine har utspring frå Sogn, seier den travle filmprodusenten, og avslører han jobbar med eit prosjekt om ein katastrofefilm inspirert av tunnelbrannane i Gudvangen og Bremanger.

Loftesnes har lang røynsle frå filmbransjen og har hatt forskjellige jobbar innan filmproduksjon sidan 1995. Han arbeider for tida blant anna med TV3-serien «Aber Bergen». På Sogndal Filmfestival vil han i tillegg til «Villmark 2», også snakke om fleire nye prosjekt og spesielt om den nye kinodokumentaren han arbeidar med om kunstnaren Nikolai Astrup.

Fire føredragshaldarar

Sogndal Filmfestival vert arrangert av avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule og vil i år ha fire føredragshaldarar på fagdagen 24. mars:

  • Skodespelar Susanne Boucher
  • Fotograf Jakob Ingimundarson
  • Dokumentarfilmskapar/journalist Erling Borgen
  • Filmprodusent Einar Loftesnes

Send inn filmar

Sogndal Filmfestival tek mål av seg til å vise fram det beste av ung, vestlandsk kortfilm og ønskjer seg framleis fleire filmar til konkurransen. Fristen for å sende inn er utvida til 3. mars.

 – Du kan melde deg på så mange kategoriar du vil, med så mange filmar du ønskjer, fortel marknadssjef Magnus Førde.

Ungdomane lovar også ein kjekk gallakveld for både unge og vaksne 23. mars. Her blir det raud løpar og prisutdeling i mange forskjellige kategoriar for det beste av vestlandsk kortfilm. Gallakvelden har også underhaldningsinnslag og enkel servering. 

Alle priskategoriane finn du på heimesida til Sogndal Filmfestival.

Du kan følgje Sogndal Filmfestival på Facebook.

For meir informasjon

Sunniva Breidvik
festivalsjef
sunnivab@sogndalfilmfestival.no
941 33 142

Magnus Førde
marknadssjef
marked@sogndalfilmfestival.no

Tips ein ven Skriv ut