Sogndal vidaregåande skule
YouTubar kjem til Sogndal Filmfestival

YouTubar kjem til Sogndal Filmfestival

Kjend YouTubar til Sogndal Filmfestival

Første føredragshaldar til Sogndal Filmfestival er no klar

Maria Stavang er eit nytt stjerneskot på komikarhimmelen. Ho har hatt stor suksess med bruk av sosiale media ; både YouTube, Facebook og Instagram. Bergensaren starta på standup-scena sommaren 2015 og alt i 2016 tok kapra ein av dei gjevaste prisane, «Årets Nykommer», på Humorfest i Bergen. 

Viktige tema på sosiale media.

I tillegg til ei forrykande hurtig standup-karriere, er Maria kanskje aller best kjent under sitt Internett-alias @piateed,  fylgd av over 200 000 på Facebook og Instagram. Der brukar ho stemma si til å ta opp alvorlige og viktige  problemstillingar knytta til samfunnet problemstillingar, men med ein humoristisk og ærleg vri. Dette har gjort ho til ein av landets mest fylgde på sosiale media!

Berre i hausten 2017 har Maria deltatt og gjestet program som Nytt på Nytt, P3-aksjonen, NRK Satirisk, Lørdagsrådet og Camp Senkveld.

Denne jenta er flink til å sjarmere, samtidig som ho er god på å by på seg sjølv! Kjem garantert til å bli eit fast innslag på norske humorscener i framtida. 

6 April er ho i Sogndal for å halde foredrag på Sogndal Filmfestival.

Festivalen har fleire spennande filmnamn i ermet.

Sogndal Filmfestival vert arrangert for 13. gong av 3. Klasse Media Sogndal vgs. Filmskaprar mellom 14 og 28 år inviterttil å senda inn filmar. Det vert konkurrert i 8 ulike filmkategoriar.

 

Tips ein ven Skriv ut