Sogndal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Eksamen/Klage på eksamenskarakter

Klage på eksamenskarakter

Eleven kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, også eksamenskarakterar.

Klagefrist

I følgje forskrift til opplæringslova § 5-5 er det ti dagar klagefrist på eksamenskarakter. Fristen reknast frå det tidspunktet klagar er blitt kjend med eller burde gjort seg kjend med karakteren.

Munnleg eksamen

Om du klagar på karakter til munnleg eksamen, skal klagen grunngjevast, og ein kan berre klage på formelle feil.

Skriftleg eksamen

Ved klage på skriftleg eksamen, treng ein ikkje grunngje klagen. Klagen skal sendast på e-post til rektor.

Munnleg praktisk og praktisk eksamen

Ved desse eksamenane kan du berre klage på formelle feil.

Meir om klage på vurdering i kapittel 5 i opplæringslova.

Resultat av klage

Dersom du nyttar høvet til å klage på eksamenskarakteren, vil ikkje resultatet av klagen ligge føre før fristen for oppmelding til hausteksamen er ute. Du får altså ikkje vite resultatet av klagen før du ev. må melde deg opp til hausteksamen for å ta ny eksamen.

Det finst ei hurtigklageordning av avgangselevar. Ordninga gjer at avgjerda kjem tidleg nok til at vitnemålet rekk å bli retta med ev. ny karakter opp før universitet og høgskular hentar dei opp elektronisk.

Oppmelding til ny eksamen

Du må melde deg opp til hausteksamen innan fristen dersom du ønskjer å gå opp til eksamen på nytt. Dette gjer du på PrivatistWeb. Skulle du få medhald i klagen og ønskjer å trekke oppmeldinga, ta kontakt med eksamenskontoret@sfj.no. Du vil då få tilbakebetalt prøveavgifta.

Korleis klagar du?

Klagen må vere skriftleg, datert og underskriven.

Alle klager utanom klager på privatisteksamen, skal gå via rektor på skulen din. Klager på privatisteksamen skal sendast til eksamenskontoret per post til

Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde

eller som vedlegg til e-post til eksamenskontoret@sfj.no

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde

eksamenskontoret@sfj.no

Relaterte lenker