Klage på karakter

Du kan klage på eksamenskarakterar.

I følgje forskrift til opplæringslova § 5-5 er det ti dagar klagefrist på eksamenskarakter. Fristen reknast frå det tidspunktet klagar er blitt kjend med eller burde gjort seg kjend med karakteren.

Om du klagar på karakter til munnleg eksamen, skal klagen grunngjevast. Om du klagar på karakter til skriftleg eksamen, er ikkje dette nødvendig. Ved munnleg, munnleg praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil.

Meir om klage på vurdering i kapittel 5 i opplæringslova

Oppmelding til hausteksamen

Dersom du nyttar høve til å klage på eksamenskarakteren, vil ikkje resultatet av klagen ligge føre før fristen for oppmelding til hausteksamen er ute. Du må derfor melde deg opp til hausteksamen innan fristen dersom du ønskjer å gå opp til eksamen på nytt. Dette gjer du på PrivatistWeb. Skulle du få medhald i klagen og ønskjer å trekke oppmeldinga, ta kontakt med eksamenskontoret@sfj.no. Du vil då få tilbakebetalt prøveavgifta.

Korleis klagar du?

For klage på vurdering nyttar du skjema under "relaterte lenker" til høgre på denne sida.  

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Relaterte lenker

Skjema for klage på eksamenskarakter – skriftleg, munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00