www.sogndal.vgs.no

Klage på opplæring

På Sogndal vgs ønskjer vi å løyse problem på lågast mogleg nivå. Vi held oss saklege og vil ein gå vidare med ei sak, ta det skriftleg.

Ver Sakleg

Legg fram saka på ein sakleg og skikkelig måte. Ta gjerne med korleis ting kan gjerast annleis.

Lågast mogleg nivå

Dersom du ikkje klarer å løyse ei sak som har med opplæringa sjølv, kan du bruke enten tillitsvald i klassen eller faglærar som første instans. Viss ikkje det hjelper, ta saka opp med kontaktlærar. Gå eventuelt til rådgjevar, avdelingsleiar eller til sist rektor.

Skriftleg dokumentasjon

Det kan vere lurt å dokumentere høva skriftleg. Skriftleg søknad skal leverast til rektor.

Tips ein ven Skriv ut